EIN SLAGS BLOGG
Eg er ein aldrande ungdom som heiter Arne Gjerde. Som 76-åring, og vidare på vegen mot hundre, skriv eg dann og vann på denne sida. 
Eg likar å skriva, men eg blei alvorleg sjuk av koronavaksinen, og miste konsentrasjonsevna fullstendig. Bloggen skal hjelpa til med gradvis å byggja den opp igjen. Det går framover, men dagsforma varierer veldig enno. Ved hjelp av rein ståpå-vilje, håpar eg å kunna laga eit innlegg kvar veke, sånn i gjennomsnitt. 
Som du forstår av namnet på bloggen, har eg initialane AG, og dessutan rimeleg bra med sagmugg i blodet. Du treng ikkje vita meir om meg som person enn dette, men viss du insisterer, så kan du klikka her. Om sjølve bloggen, klikk her. Kontakt meg gjerne her.

Sånn såg eg ut før ...

Eg administrerer fleire nettsider, om prosjekta som opptar meg i det daglege:
FATLANDSKOGEN - Om den tusen mål store skogeigedommen vår, som Anna og eg har lagt til rette for allmenn bruk, for at folk skal læra meir om natur, skogbruk, og tilhøyrande tema.
GULLHAUG - Dette paradisiske utsiktspunktet vårt, som me ville gjera til noko heilt ekstra for bygda og kommunen. Etter mykje byråkratisk rot, håpar me nå å vera på sporet att.
FATLAND - Om denne fantastiske knøttvesle bygda, som eg er så uendeleg glad i.
UFOSOFT - Programvarekonseptet som eg har skapt gjennom ein karriere på 53 år, men som eg nå endeleg har sett strek for. Trur eg.

Det er vel litt meir sånn eg ser ut i dag ...

____________________________________________________________
DEI SISTE BLOGGINNLEGGA:
Klikk på ein kategori i menyen øvst for å finna eldre innlegg
12.03.2025 Kategori: Kvardagsfilosofen
ALDERSRELATERTE PLAGER, SA DU?
Ofte får du høyra om ei helsemessig plage du har, at det er aldersrelatert. Ferdig med det. Ikkje noko å gjera med. Det er ikkje til å unngå. Det er alderen. Alderen er årsaka. Punktum!
Men alderen er aldri årsaka til noko som helst!
Det finst alltid ei årsak til eit helsemessig problem, og alderen gjer gjerne sitt til at problemet veks, viss ikkje den eigentlege årsaka blir fjerna.
03.03.2025 Kategori: Rolp
PUTIN TIL GULLHAUGKONSERTANE?
Det har ryktast heilt til Moskva at me her på Fatland har vurdert å kjøpa Trump Tower for å tvangsflytta det til Gullhaug (sjå innlegget nedanfor).  At me på denne måten gjer narr av beste kameraten til den russiske presidenten, har falle sistnemnde tungt for brystet.
Sjølvaste president Pyton ... eh, Putin, har derfor tatt kontakt med oss, openberrt for å få innpass også her i landet. Me er jo gode naboar, og me besøkjer sjølvsagt gjerne naboane våre. Seier han. Og ja, det skulle berre mangla, det har me gjort før, seier han, hos andre gode naboar. Han vil gjerne ta leikekameraten sin, Donald Duck ... eh, Trump, òg med seg hit til Gullhaug Tower.
22.02.2025 Kategori: Byråkratisme
MED LIVET PÅ VENT
Sidan ordføraren bed om ein open kommunikasjon i saka mellom kommunen og underteikna, tillet eg meg å kommentera orienteringa frå siste kommunestyremøte, og som Grenda har omtalt.
Bakteppet er at eg har sendt brev til kommunestyret, med krav om oppreisning for administrasjonen si gjentakande lovstridige behandling av mine prosjekt gjennom 19 år. Eg har sendt brevet til kommunestyret, fordi dei er administrasjonen sitt overordna organ, og som derfor er einaste forvaltningsorgan som kan rydda opp. 
Har eg forstått Forvaltningsloven rett, så har politikarane ein månad på å svara meg. Altså, frist ut februar, med mindre også dei ser det som greitt å bryta loven.
15.02.2025 Kategori: Rolp
GULLHAUG TOWER
Det er merkelege tider me lever i. Den trygge samarbeidspartneren vår gjennom snart hundre år, USA, har på eit par veker snudd seg til å vera det mest usikre kortet av dei alle. Og alt skuldast éin einaste mann, Donald Trump.
Han har erklært at han skal få slutt på krigen i Ukraina, på berre 24 timar. Og krigen i Gaza fekk han stoppa på null komma niks. Ingen av desse krigane hadde nokon gong blitt starta viss han hadde vore president, påstår han. Kledeleg beskjedenhet, som alltid der i leiren.
Kanskje me andre òg kan bli like effektive?
20.01.2025 Kategori: Hustomt
FRITTLIGGJANDE UTSIKTSTOMT TIL SALS PÅ HALSNØY
Me vil gjerne i gang med det flotte prosjektet vårt på GULLHAUG denne våren, men treng eigenkapital. Derfor vil me selja draumetomta vår, som ligg ved vestfoten av GULLHAUG. Les gjerne meir om GULLHAUG her viss du er interessert.
Har du ikkje bruk for hustomt nett i dag, så er dette likevel eit godt investeringsobjekt. For denne typen frittliggjande tomter finst det ikkje mange av i dag, alle ligg vanlegvis i tette byggefelt. 
Dette er den siste frittliggjande tomta på Fatland.
10.01.2025 Kategori: Byråkratisme
THE LÅVEKALENDER
Me snakkar sjølvsagt om løesaka i Uskedalen. Som lever minst like godt i dag som i fjor. Som året før. Og som ho vil gjera neste år på denne tid.
Det er nesten surrealistisk å oppleva denne saka. Hadde det berre ikkje vore for at eg har ei nesten tilsvarande sak gåande sjølv, som de kanskje vil få høyra meir om framover.
Det surrealistiske består først og fremst i at byråkratane, som er dei som sit på tiltalebenken i saka, også er dei som står som etterforskarar. Og dessutan som aktor. Og så sit dommaren og ser på når den tiltalte spring att og fram i rettssalen, mellom desse ulike taburettane. Og finn på allslags krumspring for å få saka mot seg sjølv utsett. Eller aller helst avvist.
Ser du det for deg? Har du nokon gong høyrt at det er slik rettssystemet vårt skal fungera? At den tiltalte gir beskjed til aktor: - Flytt deg, den stolen vil eg ha! 
Og så flyttar aktor seg lydig ...
31.12.2024 Kategori: Livsstil
KORDAN DU SKULLE HA STELT JULETREET DITT
Det er mange kjerringråd ute og går om kva som er beste metoden for å få juletreet til å halda lenge på nålene, og kordan det elles skal sjå blankt og friskt ut. Råda er som kjerringane, somme er fabelaktige, mens andre er til å grina av.
At du skal ha vatn i foten, har dei fleste fått med seg. Det er ingen som protesterer på, for treet drikk som ein svamp. Alt fe er sin herre likt, sa dei før i tida. Så kan du sjølv etter at du er ferdig, vurdera kor mykje den påstanden har for seg i ditt tilfelle.
Mange seier, med fagleg tyngde, at du skal blanda ditt eller datt i vatnet, for å få størst mulig effekt. Sitronbrus, for eksempel, som enkelte meiner er svært effektivt.
24.12.2024 Kategori: Livsstil
Å JUL MED DIN BAKEGLEDE
Det er seint på julekvelden. Seint for oss som bruker å legga oss tidleg. Dei andre har stort sett lagt seg, og eg står for tur.
Julekvelden var kjekk i gamle dagar, då me var små. Etter kvart har det blitt meir ein vane. Langt mellom dei store høgdepunkta, men eg kosar meg over å sjå kor kjekt dei yngste har det. I kveld var ikkje noko unntak i så måte, for høyr berre:
Femåringen blei så glad at han hylte av ekstatisk begeistring då han opna pakken frå foreldra. Kva det var som var inni, som var så inni Fatlandskogen spennande? 
Jo, ein pakke med Grovbakst! Mjøl, altså. Til å baka brød av.
17.12.2024 Kategori: Livsstil
EI HISTORIE OM SPINAT
Nei, Skipper'n er ikkje involvert. Ikkje denne gongen. Det dreiar seg meir om ein sjølopplevd episode nede på Rhodos.
Anna og eg åt lunsj i restauranten til ein god venn. Eg bestilte Saganaki Spinach, ein rett som eg er fantastisk glad i. Det er ei potte med saganaki, altså smelta ost, blanda saman med friske spinatblad.
Første gongen eg fekk det var nettopp hos han, for nokre år sidan. Då utbasunerte eg under etinga: - Dette er så godt at eg trur nesten eg må få ein porsjon til!
Eg sa det på spøk, sjølsagt, men då eg var ferdig, stod det faktisk ein ny porsjon klar på bordet mitt. Eg sette like godt til livs den òg. Og betalte for begge. Fordi det var så godt.
Men, nett denne gongen eg fortel om nå, var det alt anna enn godt.
12.12.2024 Kategori: Livsstil
STELL GODT MED JULETREET DITT
Alle treng alltid godt stell, ikkje minst når det er jul. Og juletreet er ikkje noko unnatak.
Legg merke til ordet 'ditt' i overskrifta. Dei fleste kjøper seg juletre, enten plasttre eller ekte tre. Somme eig skog sjølv og kan finna seg eit tre som passar. Alle desse kan seia 'juletreet mitt'.
Så er det andre som heller forsyner seg med eit tre frå andre sin skog. - Det er så kjekt å ta ungane med til skogs og finna juletre, er eit uttrykk som me kjenner. Heldigvis mest frå tidlegare tider, då folk kanskje ikkje visste betre. 
For kanskje tjue år sidan huskar eg at politiet innførte ei standard bot på 2000 kroner for å stela juletre, over heile landet. Kordan satsane er i dag, veit eg ikkje.
Nok om det. Iallfall, når juletreet er komme heim, er det ditt ansvar. Då må du gi treet det stellet som treet og familien din fortener. Det skal jo vara i fleire veker kanskje, og det skal sjå grønt og innbydande og juleaktig ut. Eit drøss med barnåler på golvet er ikkje den store stasen. Tusen barnehender, står det visst i ein julesong, ikkje tusen barnåler.
27.11.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
DEI EVIGE SPØRSMÅLA OM LIVET OG DØDEN
Eg er ikkje klar for å døy. Ikkje enno. Eg kan ikkje.
Det er så mykje eg skulle ha gjort. 
Eg har jo berre nett komme i gang. Med livet.
Og nå går alt seinare enn før, kreftene minkar. 
Eg treng meir tid på kvar jobb. 
Eller deljobb, som det kanskje blir oftare nå enn før. 
Jobben må delast opp, då kan eg kanskje få heile jobben gjort. Til slutt.
Og når alt tar lengre tid, og eg gjerne vil gjera alt, så må eg kanskje leva endå lenger?
Ikkje sant? For å få alt gjort?
Det vil vera meiningslaust å døy nå. 
Heilt tullete kanskje.
Likevel ...
20.11.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
RYKTET OM BIENES DØD ...
I juni skreiv eg, du finn det nedanfor, om biene som var totalt fråverande på Gullhaug, mens humlene hadde overtatt arenaen fullt og heilt. Ein kunne ta dette som bevis for at biedøden i Europa hadde nådd Gullhaug også, i endå større grad enn me har merka tidlegare.
Men så kom juli, og med det kom blomane på georginene. Og då skal eg seia at biene livna til. Ein skulle tru at dei hadde lege i dvale heilt fram til då, og berre venta på årets georginer.
Sjå på bildet, som er tatt i september. Her er det tre bier på samme blomen, men eg kunne telja til heile sju i eitt tilfelle. Og det var ikkje berre på denne eine blomen, nei det var på alle! Det surra så sjøl ein tunghøyrt gammal gubbe kunne høyra det. Trur eg.
04.11.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
HEIA BRYNE E' BEST!!!
Kva eg meiner med det? Bryne har jo spelt fotball på nest høgaste nivå i 21 år nå, så då kan dei vel ikkje vera aller best? Og korfor akkurat Bryne? Korfor ikkje heller Manchester City, der brynebuen Erling Braut Haaland spelar?
Det er vel både lett og vanskeleg å svara på sånne spørsmål. Lett, fordi ein alltid skryt av favorittlaget sitt, dei er best uansett, og alt positivt er alltid "sant". Men vanskeleg, fordi det likevel ikkje er sant, objektivt sett. Denne typen "løgner" blir uansett aksepterte når det gjeld favorittlaget. Spesielt i fotball.
Men korfor er Bryne favorittlaget mitt? Og kva har dei gjort nett nå, for at den elles sindige Arne går av skaftet?
18.10.2024 Kategori: Argus
DAGEN DERPÅ
​​​​​​​Sundag morgon, og Argus har nett vakna. Han reiser seg opp i senga, og knekar seg i augo. Og ristar litt på hovudet, som om det skulle kunna hjelpa han til å verta edru att. Brått lutar han seg over mot den framleis småslumrande kona si, og skrålar av full hals:
— Godt nyttår, Annemor!
— Hupp, hæh? Ka e da så feila deg i dag, Argus? Da e nesten ein måne sio nyttårshelgjo, så du e faktisk litt seint ute med helsingane dine.
— E eg? Eg synst tydele da kjennest ut så atte nyttårsafto va i går kveld.
17.10.2024 Kategori: Livsstil
PIZZATRYNE
Til venstre ser du hovedgrunnen til at det har vore lite aktivitet på bloggen min den siste månaden. Null aktivitet, for å vera presis.
I mai hadde eg eit blogginnlegg (sjå nedanfor), der eg viste fram ei panne som minte styggeleg om djevelen sitt profilbilde. Som du ser på bildet denne gongen, så er panna blitt heilt fin igjen, nesten glattare enn nokon gong. Men det gjeld altså berre panna, ikkje ansiktet elles.
Du har kanskje forstått at det dreiar seg om frivillig behandling av hudceller som har blitt ødelagde av sola. Eg kallar dei gjerne for "solceller" i det daglege. Disse cellene kan ofte utvikla hudkreft, så eg ville gjerne få dei vekk før det skjer. 
19.09.2024 Kategori: Livsstil
HÆH?
Det er ikkje greitt å bli gammal og høyra dårleg. Ei ulukke kjem sjeldan, eller aldri, åleine. Dette er berre to av mange ulukker som gjerne kjem når du har levt ei god stund. Plagene vil ingen ende ta, så det er lett å klaga si arme naud, noko mange av oss gjer nærmast til ein hobby. Når me kjem saman, er det gjerne plagene me diskuterer.
Men det gode budskapet oppi det heile, er nett dette at me har levt ei god stund. Me har fått lov til å leva lenge, noko ikkje alle får. Dette er det lett å gløyma. Så me kan gjerne utvida samtalen vår til å gle oss over at me har fått leva lenge, og så kan me innimellom snakka om plagene. Ein god miks altså, det har eg tru på.
11.09.2024 Kategori: Argus
PÅ HÅLKO
Det er januar og dagen vaknar så smått til liv på Feiteland.
— Koss går da med deg i dag, Argus, itte atte du glei å datt på hålko i går, neri Feitelandsbrekko.
— Å du vett det, Annemor, atte me så e litt småfeite har da godt sånn. Eg blei gule å blå både her å der, men andre så e magre, dei brekke armar å lårhalsar. Di ligge strødde!
— Strødde ja... Da va vel egentle deffor du datt, di hadde vel 'kje strøtt denna gongjen helle?
03.09.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
SKAL, SKAL IKKJE ...
Som du ser, viss du klikkar på annonseknappen ovanfor om salg av eigedommen vår, så har det enno ikkje blitt lagt inn nokon info der. Det er fordi me har hatt nok å gjera på i sommar, og fordi me stadig er i tvil om kor vidt me vil selja eller ikkje. 
Det er hardt å måtta skilja seg frå ein slik fantastisk stad. Og når folk heile tida kjem bortom, der dei måtte treffa på oss i Fatlandskogen eller på Gullhaug, og fortel kor fenomenal plass dette er, så gjer ikkje det saka bitten enklare for oss.
Grundige tankar og grublerier over kor me skal gjera av oss når me ikkje har Fatlandskogen lenger, resulterer utan unntak i ein konklusjon om at det er ingen annan stad i verda me har lyst til å bu!
Ser du dilemmaet? 
Me må altså kvitta oss med eigedommen mens me lever, det er opplese og vedtatt. Men me kjem til å angra oss i hel når me har gjort det!
Beslutningsvegring, det er visst det dei kallar det.
24.07.2024 Kategori: Livsstil
KONSERTRAMMA VÅR
Som nemnt i forrige innlegg, så er konsertane på Gullhaug i full gang. Suksess må me vel kalla det, med 115 frammøtte på første konserten, og 70 på den andre då det var meldt fare for styrtregn. Alle var kjempefornøgde med både konsertane og med ramma rundt.
Og det er det siste eg vil skriva litt om i dag, altså ramma rundt. Eg har sjølv overlevd mange års slit med kommunen for å få til noko stort. Når det ikkje har gått så bra, så har Anna og eg likevel klart å jobba fram noko litt mindre. Nemleg ei ramme rundt konsertar og andre arrangement i friluft, der naturen er integrert på ein lun og harmonisk måte. 
Her synest altså folk at me har fått det til, og det er kjekt. Dagleg kjem det turfolk i flokk og følgje oppom Gullhaug for å sjå om det er noko nytt. Eller for å visa langvegsfarande gjester noko som dei meiner er spesielt her i kommunen. Ja, fleire gonger har eg opplevd folk som seier at når dei skal visa gjestene sine rundt, så vel dei å komma hit til oss, i staden for til baroniet i Rosendal.
Men kan me då slå oss på brystet, samtidig med at me slår oss til ro? Og seier at nå er me endeleg ferdige? Langt derifrå.

17.07.2024 Kategori: Livsstil
GULLHAUGKAKE
Nei, overskrifta er ikkje feilskriving for gulrotkake. Eg meiner det eg skriv, det gjer eg vel alltid. Gullhaugkake er det heilt nye her på heimefronten.
Det vil seia, kaka eksisterer ikkje enno, det var berre noko eg kom på i går, og som eg gjerne vil prøva å laga. Gullhaugkonsertane starta sist søndag (sjå her), og der har me open kiosk før og etter konserten. Då kan gjestene komma i god tid, og kanskje stansa ei stund etter konserten, og kosa seg med pølser, vaflar, kake og kaffi.
Og så slo det meg altså at me skulle hatt ei skikkeleg Gullhaugkake. Ei skogsbærkake, med bær som er plukka på eller rundt Gullhaug. Publikum kan formeleg sitja og sjå på buskane som råvarene kjem frå. Meir kortreist blir det ikkje. Ureist, er ordet.

07.07.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
EG HAR GJORT NOKO DUMT
Ja, det har hendt. Ikkje ein gong. Ikkje to gonger. Men mange. Enormt mange faktisk.
Å gjera feil er menneskeleg, seier dei. Å gjera noko dumt er vel defintivt å gjera feil. Ergo er det menneskeleg å gjera noko dumt. Og eg er eit menneske.
Når du gjer noko dumt, ler dei av deg. Eller ristar på håve. Ein sånn tosk, tenkjer dei. Som kan finna på å gjera noko så dumt. Og så vekselvis både ler dei og ristar på håve. 
30.06.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
STIV SOM EIN STOKK, ALIAS STOKK STIV
Eg likar å kverulera omkring ord. Ordspel. Uttrykk. Tolking av ord og uttrykk. Det å vri og vrengja på ord er eg nok litt kjend for blant venner.
Og så er eg i ferd med å bli gammal. Då ser ein gjerne bakover. Går i barndommen, seier folk. Og så seier dei hehe. Kanskje kan det vera noko i at eldre sin hjerne lett orienterer seg mot barneåra, eg veit ikkje. 
Å bli stokk stiv er eit uttrykk som du sikkert skjønnar med ein gong. Du kjenner det, og du ser situasjonen for deg. Blodet stivna i årene, seier me òg, noko som illustrerer skrekkopplevelsen endå betre. 
Eg kjem på ein episode der eg sjølv blei stokk stiv. Under skogsbilvegbygging på eigedommen min gjekk eg nedover veglinja forbi entreprenøren, som gjorde seg klar for sprenging. I forbifarten sa eg at eg kjem opp att om fem minutt, så de må ikkje sprengja før eg er tilbake. Det lova dei.
Då eg nokon minutt seinare kom opp att, eg var berre rundt 20 meter nedanfor salva, høyrde eg ei kraftig røyst frå lengre oppe: Varsku her! Varsku her!!!!
22.06.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
OM DENNE BLOGGEN
Lurer du på kva eg eigentleg ønskjer å oppnå med denne bloggen? Har eg store tankar om å nå ut i verda, med idear og meiningar? Kanskje bli rik ein vakker dag? Eller ligg ambisjonane på eit meir nøkternt nivå?
Svaret er nok mest det siste. Eller rettare sagt, det varierer gjerne frå dag til dag. For det er mykje eg ville ha sagt, viss folk ville høyra. Samtidig er det ofte lite eg får til, fordi dagane er så opp og ned, på grunn av koronavaksinen sine herjingar i kroppen. 
På bildet ser du store bokstavar utskorne i tre, malte i gullfarge, og plasserte på ein vegg av rundtømmerpanel. Ein skulle tru at dette er laga av meg personleg, sidan dei liknar veldig på bokstavane GULLHAUG. Som eg har laga, og som står oppå porten til den nemnde haugen. Det har eg ikkje, men viss bloggen min blir stor ein vakker dag, må eg nok opp på seniorsagbruket mitt og laga disse bokstavane. Og panelet bakom, som eg faktisk har laga ein del av tidlegare.
Me får beint fram sjå kva det blir til etter kvart med bloggen. Eg har iallfall skrive ein epistel om kva denne bloggen er tenkt å vera. 
Den kan du lesa her... 
17.06.2024 Kategori: Byråkratisme
HØYRT ORDET BYRÅKRATISME?
Du har altså ikkje høyrt ordet byråkratisme før? Då er du i godt selskap, saman med nesten alle andre.
Men om du ikkje har høyrt ordet før, så er det stor sjanse for at du likevel har opplevd det. Kjent det direkte på kroppen. Og i hovudet. Merka det på humøret. Og på lommeboka. Då er du også i same gode selskapet. Saman med nesten alle andre.
​​​​​​​

14.06.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
OM BIER OG BLOMAR
Nei, det er ikkje seksualundervisning eg prøver meg på. Eg er nok for gammal uansett til at nokon ville høyra mine råd i den samanhengen. Nei, eg tenkjer nok meir fysisk. Hadde eg nær sagt. Som om sex ikkje har noko med fysikk å gjera? Eller meir naturleg, er kanskje ordet eg leitar etter. Som om sex ikkje er det minste naturleg?
Før eg rotar meg heilt bort i ordlista, skal eg iallfall komma til saka. Då eg var på Gullhaug i dag og jobba litt med hagen og blomane der, fall eg i tankar. Og som så ofte før, og som for så mange andre i vår tid, var det situasjonen i dag, med det store fråfallet av pollinerande insekt eg var bekymra for. 
28.05.2024 Kategori: Livsstil
HALSNØY SHANTYKOR GJORDE INVASJON I SKÅNEVIK
Laurdag 18. mai, dagen etter nasjonaldagen, og på sjølvaste pinseafta, samla Shantykoret seg på Bjørnevikskaien i Høylandsbygd. Med koner og sambuarar, trekkspel og dirigent, entusiastisk humør og kraftig songrøyst, og elles det som trengst for ein skikkeleg solskinstur på sjøen.
Sunniva og Gerhard Eide stilte opp med den fantastiske skøyta si, med det stolte namnet Skirnir. Til og med ordføraren var på kaien og gav oss nokon formanande ord på vegen. Me skulle jo heilt over til nabokommunen, og då gjeld det å kunna oppføra seg. Eg trur iallfall at det var noko sånt han sa, eg veit ikkje sikkert, for eg kom på kaien nett etter at han var ferdig med talen sin.
27.05.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
EIN DEPRIMERANDE KVELD
Eg snakkar om kvelden i kveld. Eg slo på TV-en. Det gjer eg berre kvar gong eg ikkje orkar finna på noko anna. Og det skjer oftare og oftare, ettersom kreftene minkar med alderen.
Men denne gongen kom det opp eit bilde som eg ikkje kjende igjen. Det såg ut som eitt eller anna dataspel kanskje. Eller noko rart frå ein annan galakse. Det minte iallfall fint lite om TV.
Eg prøvde å klikka på dei knappane det var naturleg å prøva, men ingen av dei fungerte som før. Eg vart berre meir og meir stressa og fortvila. Dette skulle jo vera avkopling og avstressing. Men alt var berre kaos.
Det kan vel ikkje vera så gale at det er enden som er nær?
20.05.2024 Kategori: Gammalt
FUGLANE VETT KOSS DA SER UT PÅ FATLAND!
Ja, det veit dei sjølvsagt. For dei ser alt ovanfrå og ned, og då får dei det aller beste overblikket. Me har vel nokon kvar misunt dei denne egenskapen, å kunna fly. Men såpass tunge i sessen som mange av oss er, vil nok det sikraste vera å halda seg trygt nede på landjorda.
I dag har eg plukka fram ein video av Fatland, den er tatt frå oven. Då kan du innbilla deg at du er ein pitte liten fugl, og at det er du som ser ned på oss stakkarane. 
Videoen vart laga for nokon år sidan, for å promotera Gullparken, som eg hadde planar om å laga. 
Det vart fiasko, gitt! For kommunen sitt plankontor hadde andre planar enn meg. Eller rettare sagt, dei hadde ingen planar. Og då så.
11.05.2024 Kategori: Gammalt
GAMLE ORD FRÅ HALSNØY
Far min, Leiv Gjerde, som ville ha fylt 110 år i desember, var levande interessert i gamle ord og uttrykk. Det same var bror hans, Lars Gjærde, som var sju år eldre.
Disse to, saman med Sigurd Sandvik og Anders Gabriel Kloster, danna ei diskusjonsgruppe omkring temaet. Og etter kvart fekk dei så mykje stoff at dei gav det ut som ei lita bok.
Denne vesle boka overtok eg etter pappa. Og eg har gitt henne vidare til min eigen son, som sikkert gjer det same ein vakker dag. Men før han fekk boka, skanna eg henne. Derfor kan du nå få lov å bla i boka om du er interessert.
05.05.2024 Kategori: Livsstil
ER DETTE DJEVELEN SJØLV?
Sjå på bildet! Sånn har eg gått rundt og sett ut i det siste. 
I det flokete konglomeratet oppe i panna kan du lett skimta eit hakekors. Pluss eit par satanistiske symbol. For ikkje å snakka om at halve det russiske alfabetet befinn seg der. Mon tru om Putin har ein finger med i spelet? Eller på avtrekkaren kanskje?
02.05.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
KAPTEIN VOM SI STORTÅ
Kva er likheten mellom meg og kaptein Vom? Svaret er podagra.
Somme meiner kanskje at den omfangsrike korpusen også er ein slåande likhet, og eg skal ikkje protestera veldig på det. Men nett i øyeblikket er podagra det essensielle. Fordi det er så forferdeleg vondt og smertefullt.
Kaptein Vom var plaga med podagra heile livet. Sjølv er eg litt betre stilt, i alle fall foreløpig. Eg har det berre sånn cirka ein gong i året.

Eldre innlegg finn du etter kvart ved å klikka på kategoriane i menyen på toppen.
Til toppen