17.06.2024 Kategori: Byråkratisme
HØYRT ORDET BYRÅKRATISME?
Du har altså ikkje høyrt ordet byråkratisme før? Då er du i godt selskap, saman med nesten alle andre.
Men om du ikkje har høyrt ordet før, så er det stor sjanse for at du likevel har opplevd det. Kjent det direkte på kroppen. Og i hovudet. Merka det på humøret. Og på lommeboka. Då er du også i same gode selskapet. Saman med nesten alle andre.
Ordet byråkrati kjenner du iallfall. Det er namnet på den offentlege forvaltninga. Byråkratiet har til oppgåve å setja ut i livet alle vedtak som politikarane gjer. Dei som arbeider i byråkratiet kallar me byråkratar.
Byråkratane har altså ikkje makt, etter loven. Dei skal utføra ordre. Så samvittighetsfullt og lovlydig som råd. Dette får dei betaling for, og det er me innbyggjarane som betaler lønna deira. Fordi det er oss dei jobbar for.
Ikkje makt, seier du? Men eg har jo opplevt det stikk motsette, seier du sikkert òg.
Ja, det har dei fleste av oss. For situasjonen er slik at byråkratane er menneske, som oss andre. Med gode og dårlege egenskaper. Og dei er forskjellige individ, med forskjellige evner. Nokon av dei ser at dei gjennom jobben kan skaffa seg makt over andre.
Loven gir dei ikkje denne makta, men dei ser at det går an. Og at ingen stoppar dei. Derfor kan dei tillata seg meir og meir. Ja, til og med politikarane kan dei komma til å styra, viss politikarane ikkje er vakne nok og slår ned på dette.
Det er dette me kallar byråkratisme. Ein byråkratist er ein maktmisbrukar. Ein som bruker loven til å slå innbyggjarane i hovudet med. Og som dermed bryt loven sjølv.
Byråkratisme har blitt beskrive på mange måtar. Ein eg fann inne på www.svada.no, om ulike økonomiske styreformer, startar slik:
Sosialisme: Du har to kyr, staten tar frå deg den eine, og gir den andre til naboen din.
Kommunisme: Du har to kyr, staten tar begge og held deg med mjølk.
Fascisme: Du har to kyr, staten tar begge og sel deg mjølka.
Nazisme: Du har to kyr, staten tar begge og skyt deg.
Byråkratisme: Du har to kyr, staten tar begge, skyt den eine, mjølkar den andre, og sølar bort mjølka.
Nå går det iallfall opp for deg at byråkratisme er noko du, eller nokon du kjenner, har vore borte i. Kanskje mange gonger.
Ja, kanskje kvar einaste dag! Slik har eg det for min del, og mange andre som eg veit om.