20.05.2024 Kategori: Gammalt
FUGLANE VETT KOSS DA SER UT PÅ FATLAND!
Ja, det veit dei sjølvsagt. For dei ser alt ovanfrå og ned, og då får dei det aller beste overblikket. Me har vel nokon kvar misunt dei denne egenskapen, å kunna fly. Men såpass tunge i sessen som mange av oss er, vil nok det sikraste vera å halda seg trygt nede på landjorda.
I dag har eg plukka fram ein video av Fatland, den er tatt frå oven. Då kan du innbilla deg at du er ein pitte liten fugl, og at det er du som ser ned på oss stakkarane. 
Videoen vart laga for nokon år sidan, for å promotera Gullparken, som eg hadde planar om å laga. 
Det vart fiasko, gitt! For kommunen sitt plankontor hadde andre planar enn meg. Eller rettare sagt, dei hadde ingen planar. Og då så.
11.05.2024 Kategori: Gammalt
GAMLE ORD FRÅ HALSNØY
Far min, Leiv Gjerde, som ville ha fylt 110 år i desember, var levande interessert i gamle ord og uttrykk. Det same var bror hans, Lars Gjærde, som var sju år eldre.
Disse to, saman med Sigurd Sandvik og Anders Gabriel Kloster, danna ei diskusjonsgruppe omkring temaet. Og etter kvart fekk dei så mykje stoff at dei gav det ut som ei lita bok.
Denne vesle boka overtok eg etter pappa. Og eg har gitt henne vidare til min eigen son, som sikkert gjer det same ein vakker dag. Men før han fekk boka, skanna eg henne. Derfor kan du nå få lov å bla i boka viss du er det minste interessert.
Til toppen