KVEN ER EG?
Eg heiter Arne Gjerde, og er so ven ein kar; no vil eg burt og gifta meg, og rydja meg ein gard.
Nei, det var vel kanskje Håvard Hedde, men skitt au. Gift er eg allereie, faktisk i 1974, så me skal ha gullbryllaup ein gong på slutten av 2024. Og gard har eg faktisk òg, så det held.
Garden heiter Fatland, på Halsnøy, i Kvinnherad kommune, i Sunnhordland, lengst sør i Vestland fylke. Ho eg er gift med heiter Anna, ho kjem frå Etne, og me har tre born og seks barneborn.
Kortversjonen om meg er at eg er feil skrudd saman der øvst, slik at eg ikkje ser skilnad på arbeidstid og fritid. Noko som har ført meg rett inn i betongveggen to gonger i livet, og nå prøver eg å unngå den tredje.

Men eg har alltid likt å arbeida, og eg har elska arbeidet mitt, så det har vore berre kjekt. Bortsett frå at det altså har ein tendens til å gå sterkt ut over helsetilstanden av og til. Og nett det er ikkje bitten kjekt. 
Foto: Kristian Hus.
27.05.2024.
SENIORSAGBRUKET
Dei siste åra fram til eg endelig pensjonerte meg, på sjølvaste 75-årsdagen min, hadde eg den meir og mindre faste ordninga i livet mitt at om føremiddagen var eg på kontoret, og om ettermiddagen og kvelden var eg oppe i skogen. Der fann eg gjerne på eitkvart lite på sagbruket mitt. Det som har fått namnet Seniorsagbruket.
Seniorsagbruket og garden, som forresten er ein rein skogeiendom, utan eit einaste dyr på båsen, står framleis i høgsetet kvar dag. Mens kontoret i mykje større grad enn før må sjå langt etter meg. 
Det siste har mykje å gjera med at eg vart alvorlig sjuk av koronavaksinen (Pfizer), noko som medførte sterke spasmer i hovudet, pluss nesten fullstendig tap av konsentrasjonsevne. Det siste har komme seg mykje utover våren 2024, men framleis får eg nokon dårlige dagar. Då blir lite gjort. Til gjengjeld så står eg på frå tidlig til seint dei dagane kroppen og hovudet spelar på lag. 
27.05.2024
BUSTADFELTET
I 2011 regulerte eg eit byggefelt på Fatland, der det så langt berre er bygt tre hus. 
Etter mange år med dårlige tider for bustadmarknaden i Kvinnherad, pluss påfølgjande år med dårlig helsetilstand, er det på tide å sjå framover igjen. Men i dag er det blitt dårlige tider igjen i byggebransjen, så ingen tar sjansen på å starta opp noko.
Dei tenkjer sjølvsagt feil, for det er i dårlige tider at det er billig å byggja. Så viss dei har kaldt hovud, og gjerne litt kaldt blod, så går dei gang nå. 
Feltet mitt er regulert med såkalla universell utforming, med tanke på at det kan byggjast eit seniortun her, med inntil 40 bueiningar, pluss fellesbygg med kafé, bar, hobbyrom, festsal, og andre sosiale tilbod. Og ikkje minst eit servicerom der frisør, massør, og andre, kan ha sine tilbod, til dømes ein dag i veka.
Eg har sjølv ikkje i dag kapasitet til å gå laus på dette prosjektet, så eg er på jakt etter eit utbyggingsfirma til jobben.
27.05.2024
SKRIBENTEN
Dann og vann så skriv eg litt. Mange lesarinnlegg i lokalavisene har det blitt opp gjennom åra. Mest om lokalpolitiske tema. Det blir ikkje så ofte lenger, berre kvar gong noko engasjerer meg spesielt mykje. Eller irriterer, det var kanskje eit meir presist ord.
Og så har eg skrive fem bøker. Desse heiter Det lange huset, Sett gjennom Argus sine augo, Halsnøy 2013, Halsnøy 2014, og Skaparen.
Og ja, så held eg på med ei bok til, med arbeidstittelen Den kommunale krokfoten. Men det går så seint, så seint, med meg nå. Ei av bøkene ovanfor laga eg fiks ferdig på 14 dagar, med layout og sats og alt. Denne gongen blir det vel meir snakk om 14 år, trur eg. 
Det er rart kor effektiv denne koronavaksinen er. Rett nok har han ikkje den virkningen som dei lova. Men dei bivirkningane som dei ikkje lova, dei har han. Det kan eg skriva under på.
27.05.2024
ER DU KONTAKTSØKJANDE?
Vil du ha kontakt med meg, for å dela noko med meg, sender du det til arne.gjerde@outlook.com. Eller bruk kontaktskjemaet som du finn oppe i menyen.
Telefon? Dels på grunn av antipati etter eit langt telefonliv, og dels fordi folk mumlar mykje meir no enn før, er eg ikkje lenger så glad i telefonen. Dei seier at det er eg som er tunghøyrt, men det trur eg ikkje det kan vera. Eg er vel ikkje gammal nok til det?
Dessutan lagar dei ikkje skikkelige telefonar lenger. Eg trur eg vil kvitta meg med smarttelefonen og heller kjøpa meg ein smart telefon.
Sidan eg ikkje er på Facebook, blir denne nettsida, med bloggane min, som du finn på framsida, min einvegs kontakt med venner og andre interesserte. Meir tovegs kontakt får me heller satsa på å ha viss me treffest i Fatlandskogen eller på Gullhaug.
27.05.2024
Til toppen