03.09.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
SKAL, SKAL IKKJE ...
Som du ser, viss du klikkar på annonseknappen på framsida om salg av eiendommen vår, så har det enno ikkje blitt lagt inn nokon info der. Det er fordi me har hatt nok å gjera på i sommar, og fordi me stadig er i tvil om kor vidt me vil selja eller ikkje.
Det er hardt å måtta skilja seg frå ein slik fantastisk stad. Og når folk heile tida kjem bortom, der dei måtte treffa på oss i Fatlandskogen eller på Gullhaug, og fortel kor fenomenal plass dette er, så gjer ikkje det saka bitten enklare for oss.
Grundige tankar og grublerier over kor me skal gjera av oss når me ikkje har Fatlandskogen lenger, resulterer utan unntak i ein konklusjon om at det er ingen annan stad i verda me har lyst til å bu!
Ser du dilemmaet?
Me må altså kvitta oss med eiendommen mens me lever, det er opplese og vedtatt. Men me kjem til å angra oss i hel når me har gjort det!
Beslutningsvegring, det er visst det dei kallar det.
07.07.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
EG HAR GJORT NOKO DUMT
Ja, det har hendt. Ikkje ein gong. Ikkje to gonger. Men mange. Enormt mange faktisk.
Å gjera feil er menneskelig, seier dei. Å gjera noko dumt er vel defintivt å gjera feil. Ergo er det menneskelig å gjera noko dumt. Og eg er eit menneske.
Når du gjer noko dumt, ler dei av deg. Eller ristar på håve. Ein sånn tosk, tenkjer dei. Som kan finna på å gjera noko så dumt. Og så vekselvis både ler dei og ristar på håve.
Men det er ikkje sikkert at dei har rett. Kanskje er det dei sjølve som er toskar?
Har du gjort noko dumt, er det fordi du har prøvt å gjera noko. Kanskje har du ikkje heilt fått det til, det du prøvde på. Men du har prøvt. Og berre komme litt skeivt ut. Foreløpig.
La dei berre le og rista på håve, og så prøver du på nytt. Rettar opp igjen det dumme du gjorde.
Det viktige er at du prøvde å gjera noko. Og at du prøver på nytt, på ein litt annan måte. Forhåpentligvis kjem du i mål til slutt.
Di oftare du gjer noko dumt, di oftare prøver du på å få til noko. Har du gjort dumme ting mange gonger, har du også gjort lure ting mange gonger.
Dei som ler høgast er oftast dei som gjer minst. Dei prøver ikkje på å gjera noko. Dei har nok med å le. Av dei som prøver.
For den som prøver, og som til slutt kjem i mål, den kan le sist. Og definitivt best.
30.06.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
STIV SOM EIN STOKK, ALIAS STOKK STIV
Eg likar å kverulera omkring ord. Ordspel. Uttrykk. Tolking av ord og uttrykk. Det å vri og vrengja på ord er eg nok litt kjend for blant venner.
Og så er eg i ferd med å bli gammal. Då ser ein gjerne bakover. Går i barndommen, seier folk. Og så seier dei hehe. Kanskje kan det vera noko i at eldre sin hjerne lett orienterer seg mot barneåra, eg veit ikkje.
For eigen del så har eg alltid hatt fokus framover. Det har vore jobben min, og det har vore legningen min. Alltid planlegging av det som skal skje, gårsdagen er alt gløymd. Når eg likevel oftare ser bakover, har det gjerne like mykje å gjera med at det er der dei fleste åra av livet mitt befinn seg. Eg har ikkje så mange år att som dei eg allerede har levt, så det er mindre framtid å planleggja. Då følest det meir meiningsfullt enn før å bla litt bakover.
Men til overskrifta. Å bli stokk stiv er eit uttrykk som du sikkert skjønnar med ein gong. Du kjenner det, og du ser situasjonen for deg. Blodet stivna i årene, seier me òg, noko som illustrerer skrekkopplevelsen endå betre.
Og når ein slik situasjon oppstår, så reagerer personar ganske forskjellig. Somme blir paralyserte og fullstendig handlingslamma. Stiv som ein stokk altså. Andre reagerer med panikk og handlar deretter, med meiningslaus åtferd. Atter andre held seg kalde og rolige, og vurderer situasjonen nøkternt, men lynraskt. Eg føler meg veldig heldig som høyrer til sistnemnde kategori.
Eg kjem på ein episode der eg sjølv blei stokk stiv. Under skogsbilveibygging på eiendommen min gjekk eg nedover veilinja forbi entreprenøren, som gjorde seg klar for sprenging. I forbifarten sa eg at eg kjem opp att om fem minutt, så de må ikkje sprengja før eg er tilbake. Det lova dei.
Då eg nokon minutt seinare kom opp att, eg var berre rundt 20 meter nedanfor salva, høyrde eg ei kraftig røyst frå lengre oppe: Varsku her! Varsku her!!!!
Det var naturligvis då blodet fraus til is. Eg gjorde ikkje den panikkhandlingen som gubben på teikningen til venstre gjer, nemlig å gripa dynamitten og springa for livet. Nei, eg såg meg kaldt og rolig (!?) rundt, etter ein plass å gøyma meg. Men alle slike alternativ var altfor langt borte.
Det stod eit tre nokon meter frå meg. Treet hadde ei livvidde om lag ein tredjedel så stor som mi. Eg nådde akkurat å stilla meg bakom treet, med den smale sida mi inntil stamma. Eg følte vel at begge orda, stokk og stiv, passa spesielt godt nett der og då. Eg prøvde nemlig å gjera meg heilt stiv bakom ein stokk.
Så small det! Steinspruten hagla rundt meg, men den utstikkande rekordstore vomma gjekk klar. Heldigvis.
Entreprenørfolka fekk ikkje panikk iallfall, då eg tok dei i skule. Dei tok det heilt rolig, og sa at dei trudde eg hadde tatt ein annan vei opp igjen. Sånn er det for dei som høyrer dynamittsalver heile dagen.
Eg er meir førebudd til neste gong noko slikt skulle skje. Blant anna så har eg slanka meg betydelig sidan den gongen!
22.06.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
OM DENNE BLOGGEN
Lurer du på kva eg egentlig ønskjer å oppnå med denne bloggen? Har eg store tankar om å nå ut i verda, med idear og meiningar? Kanskje bli rik ein vakker dag? Eller ligg ambisjonane på eit meir nøkternt nivå?
Svaret er nok mest det siste. Eller rettare sagt, det varierer gjerne frå dag til dag. For det er mykje eg ville ha sagt, viss folk ville høyra. Samtidig er det ofte lite eg får til, fordi dagane er så opp og ned, på grunn av koronavaksinen sine herjingar i kroppen.
På bildet ser du store bokstavar utskorne i tre, malte i gullfarge, og plasserte på ein vegg av rundtømmerpanel. Ein skulle tru at dette er laga av meg personlig, sidan dei liknar veldig på bokstavane GULLHAUG. Som eg har laga, og som står oppå porten til den nemnde haugen. Det har eg ikkje, men viss bloggen min blir stor ein vakker dag, må eg nok opp på seniorsagbruket mitt og laga disse bokstavane. Og panelet bakom, som eg faktisk har laga ein del av tidligare.
Me får beint fram sjå kva det blir til etter kvart med bloggen. Eg har iallfall skrive ein epistel om kva denne bloggen er tenkt å vera.
Den kan du lesa her...
14.06.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
OM BIER OG BLOMARNei, det er ikkje seksualundervisning eg prøver meg på. Eg er nok for gammal uansett til at nokon ville høyra mine råd i den samanhengen. Nei, eg tenkjer nok meir fysisk. Hadde eg nær sagt. Som om sex ikkje har noko med fysikk å gjera? Eller meir naturlig, er kanskje ordet eg leitar etter. Som om sex ikkje er det minste naturlig?
Før eg rotar meg heilt bort i ordlista, skal eg iallfall komma til saka. Då eg var på Gullhaug i dag og jobba litt med hagen og blomane der, fall eg i tankar. Og som så ofte før, og som for så mange andre i vår tid, var det situasjonen i dag, med det store fråfallet av pollinerande insekt eg var bekymra for.
Eg gledde meg over å sjå alle humlene som surra rundt, hundrevis måtte dei vera. Geranium er ein blom me har mykje av, og den er fantastisk for bier og humler. Når du går gjennom ein stor hage, ser du fort kva blomar som er populære, og kva blomar dei ikkje rører i det heile.
Gullhaug er for tida ein populær stad for humlene, som for menneska, som stadig kjem oppom. Enten for å skriva seg inn i gjesteboka, eller for å stempla inn i Fjelltoppjakten, eller berre for å nyta utsikta. Eller nista. Dei er like blide som dei godmodig hummande humlene høyrest ut til å vera.
Me snakkar gjerne om bier og humler, ikkje sant? Som om dei var heilt forskjellige vesen. Men egentlig høyrer både humlene og honningbiene til i den same store gruppa, som heiter bier. Til daglig derimot, seier me gjerne bier berre om honningbiene.
Biene, ja, kor er det blitt av dei? På Gullhaug er det altså hundrevis, kanskje tusenvis av humler, men ingen honningbier er å sjå, Ikkje ei einaste har eg sett i heile dag! For tjue år sidan var det kaskadar av bier rundt i hagar og blomsterenger her på Fatland, men nå er dei borte vekk.
For alltid? Ja, det kan kanskje sjå slik ut. Det vil i så fall vera tragisk. Viss alle bier og humler forsvinn, vil matproduksjonen bli redusert med 30%. I dag er det nok mat i verda, om maten blir rett fordelt, men det vil det nok ikkje bli då.
Bieblomar har me altså i søkk og kav. Me manglar berre bier!
27.05.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
EIN DEPRIMERANDE KVELD
Eg snakkar om kvelden i kveld. Eg slo på TV-en. Det gjer eg berre kvar gong eg ikkje orkar finna på noko anna. Og det skjer oftare og oftare, ettersom kreftene minkar med alderen.
Men denne gongen kom det opp eit bilde som eg ikkje kjende igjen. Det såg ut som eitt eller anna dataspel kanskje. Eller noko rart frå ein annan galakse. Det minte iallfall fint lite om TV.
Eg prøvde å klikka på dei knappane det var naturlig å prøva, men ingen av dei fungerte som før. Eg vart berre meir og meir stressa og fortvila. Dette skulle jo vera avkopling og avstressing. Men alt var berre kaos.
Det kan vel ikkje vera så gale at det er enden som er nær?
Nei, heldigvis ikkje. For omsider fann eg ein knapp som fungerte, og som etter kvart fekk geleida meg inn på vanlig normal TV. I den grad det finst lenger. Og så kom det plutselig opp ei melding om at nå var eg jammen heldig, som fekk ta i bruk det nye grensesnittet til Telia.
Då tenkte eg mitt. Eg har jo vore programutviklar sjølv gjennom 53 år, med den edle målsetjinga å gjera livet lettare for mine medmenneske. Og frustrasjonen har vore stor når eg ser andre "utviklarar" har ein annan intensjon, nemlig å gjera livet kjekkare for seg sjølve. Og så gir dei heller ein god dag i medmenneska og i dei ekstra plagene disse blir påførte.
Dette er noko eg sikkert kjem til å utdjupa ein annan gong. Nå skal eg berre kort summera kva eg opplevde med dette nye grensesnittet:
- Dei har fjerna viktig informasjon, som t.d. kanalnummer, og kor lang tid det er igjen av programmet du ser på nett nå. Fortvilande.
- Dei har generelt gjort skrifta mindre, noko som er håplaust for oss som hadde problem med dette frå før.
- Dei har gjort teksten transparant med bildet bakom. Altså, mens du prøver fortvila å lesa den korte omtalen av eit program, spring det i bakgrunnen fleire fotballspelarar innimellom bokstavane. Det er til å få hovudverk av.
- Tastane fungerer annleis enn før, og eg finn ikkje noko som er blitt betre her, tvert imot. Det kom plutselig opp ei melding om at CH-knappen tar deg tilbake til forrige program du såg på. Ein slik knapp hadde me før, men den forsvann ved ei oppdatering for eit par år sidan. Veldig kjekt å få den tilbake! Hurra! Problemet er berre at det finst ikkje nokon CH-knapp på fjernkontrollen!
- Alt går seinare, og du må bruka fleire tastetrykk enn før.
I morgon kveld finn eg sikkert fleire nye "fancy" endringar i grensesnittet.
"Fytti Telia" kan kanskje bli eit nytt bannord etter kvart?
02.05.2024 Kategori: Kvardagsfilosofen
KAPTEIN VOM SI STORTÅ
Kva er likheten mellom meg og kaptein Vom? Svaret er podagra.
Somme meiner kanskje at den omfangsrike korpusen også er ein slåande likhet, og eg skal ikkje protestera veldig på det. Men nett i øyeblikket er podagra det essensielle. Fordi det er så forferdelig vondt og smertefullt.
Kaptein Vom var plaga med podagra heile livet. Sjølv er eg litt betre stilt, i alle fall foreløpig. Eg har det berre sånn cirka ein gong i året.
Kva er så podagra for noko? Det høyrest rett og slett polsk ut, og den polske naboen vår visste godt kva det var for noko. Men ordet er likevel gresk.
Det medisinske namnet på podagra er urinsyregikt, og det oppstår i forbindelse med høgt urinsyrenivå i blodet, noko som skuldast at kroppen ikkje klarer å bryta ned urinsyra fort nok, slik at du får ei opphopning i staden.
Det artar seg ved at visse ledd i kroppen, vanligvis stortåa, blir betent og ekstremt smertefull. Heldigvis går det over i løpet av eit par veker, men er du fotballspelar er det nok lurt å ta sommarferien når du kjenner symptoma melda seg.
Det er først og fremst menn som får podagra, og gjerne dei som er litt eldre, og dessutan omfangsrike. Som kaptein Vom og meg. Også dei som er litt late av seg ligg tynt an. Herr Vom er nok betydelig latare enn meg, bortsett frå når han blir terga opp, noko som gjerne skjer fleire gonger om dagen. Då får han skikkelig fart på seg, og pulsen stig dramatisk. Eg er nok litt vanskeligare å terga opp, trur eg.
Dagane mine nå går stort sett med til å perfeksjonera uttalen av ordet AU! Og å venta på at normaltilstanden for stortåa skal inntre igjen. Det blir lite gjort med det omfattande vårprogrammet som eg hadde sett opp for den store eiendommen vår.
Egentlig burde alle slike planar hatt med eit forbehold om at noko kan inntreffa, noko som forkludrar det heile. Kanskje spesielt podagra, i min alder. Eg har generelt vore flink med planar, men likevel gløymer eg alltid nett denne detaljen. Som altså heiter podagra.