31.12.2024 Kategori: Livsstil
KORDAN DU SKULLE HA STELT JULETREET DITT
Det er mange kjerringråd ute og går om kva som er beste metoden for å få juletreet til å halda lenge på nålene, og kordan det elles skal sjå blankt og friskt ut. Råda er som kjerringane, somme er fabelaktige, mens andre er til å grina av.
At du skal ha vatn i foten, har dei fleste fått med seg. Det er ingen som protesterer på, for treet drikk som ein svamp. Alt fe er sin herre likt, sa dei før i tida. Så kan du sjølv etter at du er ferdig, vurdera kor mykje den påstanden har for seg i ditt tilfelle.
Mange seier, med faglig tyngde, at du skal blanda ditt eller datt i vatnet, for å få størst mulig effekt. Sitronbrus, for eksempel, som enkelte meiner er svært effektivt.
*
Reint vitenskapelig så har absolutt sitronbrusen betydelig effekt når du set opp juletreet ditt, men alt må gjerast på rett måte. Og i rett rekkefølge.
Først fyller ut heilt opp eit stort melkeglas, eventuelt norgesglas, med sitronbrus. Pass nøye på at det allerede var halvfullt med vodka. Det er ein viktig detalj som somme gløymer, og då er halve jula ødelagt.
Altså, på rett måte, og til rett tid, så foreløpig set du glaset til sides. Det skal brukast seinare i prosessen, men det treng å stå og godgjera seg litt først. Det har visst noko med kjemi å gjera.
*
Så tar du treet fram, kappar to-tre cm av rotenden, reinsar endeflata, og set treet godt fast i foten. 
Treet flyttar du så inn i stova, kappar litt av det kanskje altfor lange toppskotet, der du så plasserer stjerna. Deretter fyller du opp foten med vatn, gjerne litt lunka. Kokande, seier somme av kjerringane, men det er usikkert kor mykje det betyr. Men ikkje sitronbrus, etter mi meining, den må du ikkje sløsa bort. Ikkje enno.
Neste trekk, for å gjera treet endå meir attraktivt, er å pynta det. Først set du på alle dei elektriske lysa, deretter resten av pynten. For eigen del så bruker eg berre einsfarga raude kuler, pluss nokre av gull. Ingen ting anna. Lys og kuler. Massevis av kuler. Då får du eit skikkelig juletre, som held seg fint lenge.
*
Til slutt set du deg ned i ein god stol, rettar stolen mot juletreet, for skikkelig å nyta verket ditt. Og tar deg ein diger slurk av melke... eh ... norgesglaset. Og gjerne ein til. Ein om gongen.
Nå er det omsider tid for å gjera den vurderinga som eg nemnde innleiingsvis.
24.12.2024 Kategori: Livsstil
Å JUL MED DIN BAKEGLEDE
Det er seint på julekvelden. Seint for oss som bruker å legga oss tidlig. Dei andre har stort sett lagt seg, og eg står for tur.
Julekvelden var kjekk i gamle dagar, då me var små. Etter kvart har det blitt meir ein vane. Langt mellom dei store høgdepunkta, men eg kosar meg over å sjå kor kjekt dei yngste har det. I kveld var ikkje noko unntak i så måte, for høyr berre:
Femåringen blei så glad at han hylte av ekstatisk begeistring då han opna pakken frå foreldra. Kva det var som var inni, som var så inni Fatlandskogen spennande? 
Jo, ein pakke med Grovbakst! Mjøl, altså. Til å baka brød av.
*
Kva skal det bli av sånne ungar? Eg kan ikkje huska ... jo, forresten, nå demrar det. Då eg var på den alderen skulle eg faktisk bli bakar sjølv. Det var skråsikkert. Det var først året etter at eg skulle bli prest. Også det like skråsikkert.
Men med denne vesle krabaten vår i dag er det likevel litt annleis. Eg trur ikkje det går over så fort. For det er lenge sidan han begynte å interessera seg for kjøkenteneste, som det heitte i militæret. Der var det forresten ikkje det minste populært, der var det brukt som straff.
Men for han her krabaten er det ikkje straff, tvert i mot. Allerede for eit par år sidan ønskte han seg kjøkenreiskapar. Og ikkje sånne leikegreier, han fnyser berre av dei. Nei, han skal ha skikkelig utstyr. Slikt som mora har på kjøkenet.
Og då dei for nokre dagar sidan pakka ned sakene som dei skulle ha med seg på juleferie her hos besteforeldra på Vestlandet, så var det kjøkenreiskapane han pakka ned for sin del. Dei var viktigast av alt.
*
Eg veit ikkje om eg har helse til fleire kokkar i familien enn dei eg allerede har. I kveld, på sjølvaste julekvelden, har eg stappa i meg mat så det monar. I ein mage som har fått meir enn nok av godsaker tidligare.
Kordan skal det gå til neste jul? Når krabaten har fylt seks? Då krev han nok å få stå for den komplette julemiddagen til heile storfamilien. Som er på fjorten stykk. 
Mon tru om ein halv griseskrott kan vera passande presang til han då?
17.12.2024 Kategori: Livsstil
EI HISTORIE OM SPINAT
Nei, Skipper'n er ikkje involvert. Ikkje denne gongen. Det dreiar seg meir om ein sjølopplevd episode nede på Rhodos.
Anna og eg åt lunsj i restauranten til ein god venn. Eg bestilte Saganaki Spinach, ein rett som eg er fantastisk glad i. Det er ei potte med saganaki, altså smelta ost, blanda saman med friske spinatblad.
Første gongen eg fekk det var nettopp hos han, for nokre år sidan. Då utbasunerte eg under etinga: - Dette er så godt at eg trur nesten eg må få ein porsjon til!
Eg sa det på spøk, sjølsagt, men då eg var ferdig, stod det faktisk ein ny porsjon klar på bordet mitt. Eg sette like godt til livs den òg. Og betalte for begge. Fordi det var så godt.
Seinare har eg kjøpt retten fleire gonger, men han har tapt seg kvar gong, for dei bruker mindre ost, noko som gjer retten tørrare å eta.
*
Men denne gongen som eg nå fortel om, var saganakien ekstremt dårlig, rett ut sagt kvalmande. Og då verten ville vita om det smakte, måtte eg berre sei sanninga. Slik eg alltid gjer når nokon spør meg om noko. Eg lyg berre viss eit våpen er retta mot meg. 
Eg fortalde kor forelska eg hadde blitt i denne retten, men at dette eg fekk i dag var rett og slett pyton.
- Huskar du at første gongen måtte eg få ein porsjon til? spurde eg.
Og eg la til at denne gongen er det nesten kjemisk frittt for ost. Og at spinaten ser ut som fjorgammalt høy som du har funne i ei løe her borte. Og slik luktar han òg!
Du skal aldri fornærma folk frå Balkan, har eg lært tidlegare, for dei tar det så lett til seg. Dei er så snille og omtenksomme at det er heller sjeldan grunn for å fornærma dei. Men sidan han var ein god venn, tykte eg at eg måtte få han på rett kjøl att, ved å snakka i klart språk.
Eg trur det gjekk bra denne gongen. For då han kom bort og skulle ta av bordet etterpå, sa han, med gravalvorleg mine: 
- One more?
12.12.2024 Kategori: Livsstil
STELL GODT MED JULETREET DITT
Alle treng alltid godt stell, ikkje minst når det er jul. Og juletreet er ikkje noko unnatak.
Legg merke til ordet 'ditt' i overskrifta. Dei fleste kjøper seg juletre, enten plasttre eller ekte tre. Somme eig skog sjølv og kan finna seg eit tre som passar. Alle disse kan seia 'juletreet mitt'.
Så er det andre som heller forsyner seg med eit tre frå andre sin skog. - Det er så kjekt å ta ungane med til skogs og finna juletre, er eit uttrykk som me kjenner. Heldigvis mest frå tidlegare tider, då folk kanskje ikkje visste betre. 
For kanskje tjue år sidan huskar eg at politiet innførte ei standard bot på 2000 kroner for å stela juletre, over heile landet. Kordan satsane er i dag, veit eg ikkje.
Nok om det. Iallfall, når juletreet er komme heim, er det ditt ansvar. Då må du gi treet det stellet som treet og familien din fortener. Det skal jo vara i fleire veker kanskje, og det skal sjå grønt og innbydande og juleaktig ut. Eit drøss med barnåler på golvet er ikkje den store stasen. Tusen barnehender, står det visst i ein julesong, ikkje tusen barnåler.
*
Forresten, før me kjem inn på kordan du skal stella treet: Kanskje einkvan som eig skog har sagt at du kan få lov å finna deg eit tre sjølv? Kor som helst i heile skogen hans kanskje?
Då treng gjerne både du og skogeigaren litt vaksenopplæring. For det er nemlig ikkje heilt lovlig å gjera det på denne måten. Eig du skog, er du underlagt Skogbruksloven. Og denne loven, saman med forskriftene, seier at du er pliktig å driva skogen på ein ansvarlig måte, og kordan det skal skje.
Lurer du på korfor myndighetene på liv og død skal leggja seg borti dette, når du faktisk eig skogen sjøl? Det er i utgangspunktet eit fornuftig spørsmål, og du har kanskje meir enn nok negativ erfaring med byråkratiske vedtak og forordningar. Denne gongen er likevel årsaka fornuftig nok. 
For skogen er ein evigvarande ressurs som ikkje berre er skogeigaren sin. Evigvarande ville ikkje vera rett ord viss eigaren kunne gå laus fritt og gjera nett som han ville. Kanskje hogga ned heile skogen, for den del.
*
Skogen er nemlig ikkje ein ressurs som du eig, det er ein ressurs du forvaltar. Ein ressurs som neste generasjon skal overta og forvalta vidare. Og slik går generasjonane.
Har eigaren ei fornuftig innstilling, vil han gjerne syta for å overlevera denne ressursen til neste generasjon, i endå betre stand enn han sjøl fekk han i. Ikkje alle tenkjer sånn, derfor må myndighetene regulera dette strengt. For skogen er ein altfor viktig samfunnsressurs til å bli skusla bort.
Når det dessutan er slik at staten gir tilskot til planting og stell av skogen, har dei sjølsagt lov å stilla krav.
*
Greitt nok, seier du, men kva har dette med juletre å gjera? Jo, det finst reglar og lærebøker for kordan du skal planta, tynna, hogga, foredla. Ja, kort og godt, kordan du skal stella skogen din. Det er eit omfattande fagfelt. 
Dermed kjem det også inn kordan du skal gå fram når du høgg juletre. Det skjer som del av den såkalla tynninga, eller avstandsreguleringa, der du syter for at avstanden mellom trea er optimal for vidare vekst og utvikling. Det er framtidsskogen det gjeld, heile tida. For det tar 60-100 år å få fram ny skog, og då må alt gjerast på rette måten undervegs.
Den viktigaste regelen er at du skal ikkje sjå etter tre som du har lyst til å hogga, men etter kva tre som må stå att! Du skal tenkja først og fremst på framtidsskogen, ikkje på det treet som du berre skal ha ståande i tre veker i stova.
*
Du skal altså fjerna dei trea som er overflødige, som ikkje er gode nok som framtidstre. Og så skal du syta for at det er optimal avstand mellom dei kvalitetstrea som står att.
Så kan du velja deg ut juletre blant dei trea som du fjernar. Det er dette du har lov å gjera i eit plantefelt.
Det er enkelt å jobba på denne måten. Men berre viss du har kunnskap om kordan du skal gå fram. Det har jo aldri naboen din, som du så raust slepper inn i skogen din for å finna seg eit juletre. Han vil garantert velja det treet han liker best. Og like garantert er det at dette skulle ha vore eit flott framtidstre.
*
Var det ikkje stell av juletreet som var overskrifta denne gongen? Kunne ikkje overskrifta like gjerne vore 'Stell godt med skogen din'?
Jo, det blei visst litt mykje prat om sjølve skogen, som jo er mykje viktigare enn juletreet, som du jo kastar etter nyttår. Me må kanskje ha ein epistel til om nokre dagar, der sjølve juletreet er tema.
17.10.2024 Kategori: Livsstil
PIZZATRYNE
Til venstre ser du hovedgrunnen til at det har vore lite aktivitet på bloggen min den siste månaden. Null aktivitet, for å vera presis.
I mai hadde eg eit blogginnlegg (sjå nedanfor), der eg viste fram ei panne som minte styggelig om djevelen sitt profilbilde. Som du ser på bildet denne gongen, så er panna blitt heilt fin igjen, nesten glattare enn nokon gong. Men det gjeld altså berre panna, ikkje ansiktet elles.
Du har kanskje forstått at det dreiar seg om frivillig behandling av hudceller som har blitt ødelagde av sola. Eg kallar dei gjerne for "solceller" i det daglige. Disse cellene kan ofte utvikla hudkreft, så eg ville gjerne få dei vekk før det skjer. 
*
Det var stygt og smertefullt å gjera dette med panna og tinningane i vår, men etter nokre månader tok eg likevel sjansen på å gjera det samme med resten av ansiktet, altså nedanfor auga. Men det enda opp i eit helvete som eg ikkje hadde sett for meg. 
Eg kunne sikkert ha fått god betaling for å gå rundt og reklamera for Grandiosa, hadde det ikkje vore for at dette var ekstremt smertefullt, ein lidelse som ikkje er til å fatta. Det var ikkje mulig å sova om natta, meir enn ei kort stund om gongen. Då var ikkje smertene lenger til å halda ut.
Kuren varer i fire veker, og eg hadde bestemt meg for å stå på og fullføra. Men etter tre veker måtte eg berre gi opp, då var lidelsen ekstrem. Denne flotte selfien tok eg tre dagar etter at eg resignerte. Hudlegane på Haukeland var hoppande glade for at eg hadde avbrote kuren. For dette må kunna kallast bivirkningar i særklasse.
Dei trøsta meg med at eg iallfall nå ville vera kvitt solcellene mine ein gong for alle. Og dei fekk rett. I dag, berre tre veker etter bildet, ser eg ut som ein fjortenåring i ansiktet. Eg lurer så smått på om eg skal melda meg opp til konfirmasjon til våren ...
*
Korfor fortel eg dette her i bloggen, og korfor viser eg fram bilde av ei så ekstremt dårlig utgåve av meg sjøl?
Det er for å advara deg viss du sjøl måtte planleggja ein sånn kur. Eg advarar ikkje generelt mot å gjera det, for det er fantastisk å bli kvitt solcellene. Men ver klar over at bivirkningane kan bli voldsomt mykje verre enn det du får inntrykk av ved å lesa pakningsvedlegget. 
Eg brukte kremen Tolak, som hudlegane gav meg resept på, men det finst andre kremar som har samme funksjon. Pakningsvedlegget har eg lese fleire gonger, men eg finn ingen indikasjon der på at det kan gå så gale. Produsenten vil sjølsagt selja. Dei kan få gratis dette profilbildet mitt, til "reklamebruk", men dei kjem neppe til å bruka det.
Skulle du ta kuren, så pass på å komma deg til lege fortast råd lenge før du ser ut sånn som eg gjer her. Følg godt med!
Foto: Fotografen vil gjerne vera anonym ...
19.09.2024 Kategori: Livsstil
HÆH?
Det er ikkje greitt å bli gammal og høyra dårlig. Ei ulukke kjem sjeldan, eller aldri, åleine. Dette er berre to av mange ulukker som gjerne kjem når du har levt ei god stund. Plagene vil ingen ende ta, så det er lett å klaga si arme naud, noko mange av oss gjer nærmast til ein hobby. Når me kjem saman, er det gjerne plagene me diskuterer.
Men det gode budskapet oppi det heile, er nett dette at me har levt ei god stund. Me har fått lov til å leva lenge, noko ikkje alle får. Dette er det lett å gløyma. Så me kan gjerne utvida samtalen vår til å gle oss over at me har fått leva lenge, og så kan me innimellom snakka om plagene. Ein god miks altså, det har eg tru på.
*
Men det var dette med høyrsla eg ville skriva nokon ord om i dag. Eg er sjølsagt ein pest og ei plage for omgivelsane når eg gjentar ordet Hæh? for tolvte gong gjennom det siste minuttet. Så eg har for lenge sidan gått til det skrittet å få meg høyreapparat. Utan at populariteten har tatt seg nevneverdig opp av den grunn.
Det vil seia, når du nett har fått deg nye apparat, høyrer du litt betre. Iallfall høyrer du mykje betre det du seier sjøl, og kanskje litt betre det andre seier til deg. Men nokon revolusjon har eg aldri opplevd. Tvert om, så har disse apparata berre ført til ei ny plage, eller ti. Det er ei lang lekse, men eg skal berre ta nokon få punkt.
For det første så er disse apparata smale og glatte, så dei heng dårlig fast på øyra. For det andre så er det uråd å ha briller på samtidig, for dei er også glatte. Så resultatet er eitt av tre: Enten dett høyreapparatet på golvet, eller så gjer brillene det. Eller så dett begge to på golvet. Og så er det så lett å trakka på brillene når du skal leita etter dei, utan å ha briller på. Og då sit bannorda tett, hos dei som balar med sånt.
Så er det også sånn at du får eit nydelig futteral til å ha apparata i når du ikkje har dei på. Dette futteralet er minst like glatt som apparata, og det er forma slik at det skal gli lett ut av lomma di. På ein flytur i Finnmark for mange år sidan skjedde det med meg. Då eg kom fram til Kirkenes, var eg altså utan høyreapparat, og følgelig ute av stand til å høyra det eg var kommen dit for å høyra. 
Ti tusen blanke kroner måtte eg ut med for å få meg nye apparat! I dag er visst prisen femti prosent høgare.
*
Og så er det kvaliteten, den er jo heilt elendig. Du høyrer som sagt godt det du seier sjølv, men det andre seier høyrer du dårligare og dårligare. Då må du sjølsagt få deg time hos audiograf, for å få justera apparata. Det er eit halvt års ventetid på ein time, så det går nokon år før apparata er justert rett.
Det vil seia, dei blir aldri justert rett. For det er jo viktig at du skal komma tilbake, audiografane skal naturligvis leva dei òg. Så sånn går no dagan'. Eller åran', rettare sagt.
Det aller verste kanskje, er likevel at disse dyre sakene snur opp ned på hovudet mitt. Inni. Eg blir heilt tullerusk av dei, sprø og nesten desperat. Føler at eg er i stand til å finna på kva som helst. Som om håve' er heilt omprogrammert. Merkelige greier. Det er sikkert sånn kokain fungerer. 
*
Men fortvil ikkje om du er i samme situasjonen! Nylig høyrde eg nemlig at ein kjenning på Stord hadde kjøpt seg billige høyreapparat frå Kina. Og dei var mykje betre!!!! Og dei kosta berre fem hundre kroner.
For eit par veker sidan gjorde eg nett det samme, og eg kan skriva under: Dei er myykje betre enn dei til femten tusen kroner! Myyyyyykkkje betre!!! Og eg kan justera dei enkelt sjølv. Eit halvt års ventetid er redusert til eit halvt minutt! Og nå høyrer eg godt når kona seier noko som ho egentlig ikkje vil at eg skal høyra. 
Dei er rett nok noko større og meir klumpete. Men nett derfor held dei seg i ro, både på øyra og i lomma. Både dei og brillene sit som støypte der dei skal sitja. Ingen problem i det heile. Og ikkje blir eg tullerusk heller, hovudet er kaldt og rolig inni, slik det skal vera.
*
Eg har lurt på om eg skal kjøpa inn eit parti og selja til andre i min situasjon, dei er det mange av. Å alltid ha nokon par ekstra i lommene. Og når eg ein vakker dag skal sjekka inn på Halsnøytunet, så har eg ein stor marknad der. 
Kva audiografane skal ta seg til når dei blir arbeidsledige, er eg ikkje sikker på. Dei har vel grave grava si sjølve kanskje, så det får bli deira eige problem.
24.07.2024 Kategori: Livsstil
KONSERTRAMMA VÅR
Som nemnt i forrige innlegg, så er konsertane på Gullhaug i full gang. Suksess må me vel kalla det, med 115 frammøtte på første konserten, og 70 på den andre då det var meldt fare for styrtregn. Alle var kjempefornøgde med både konsertane og med ramma rundt.
Og det er det siste eg vil skriva litt om i dag, altså ramma rundt. Eg har sjølv overlevd mange års slit med kommunen for å få til noko stort. Når det ikkje har gått så bra, så har Anna og eg likevel klart å jobba fram noko litt mindre. Nemlig ei ramme rundt konsertar og andre arrangement i friluft, der naturen er integrert på ein lun og harmonisk måte. 
Her synest altså folk at me har fått det til, og det er kjekt. Daglig kjem det turfolk i flokk og følgje oppom Gullhaug for å sjå om det er noko nytt. Eller for å visa langveisfarande gjester noko som dei meiner er spesielt her i kommunen. Ja, fleire gonger har eg opplevd folk som seier at når dei skal visa gjestene sine rundt, så vel dei å komma hit til oss, i staden for til baroniet i Rosendal.
*
Men kan me då slå oss på brystet, samtidig med at me slår oss til ro? Og seier at nå er me endelig ferdige? Langt derifrå. Som uforbederlig perfeksjonist så finn eg alltid noko som kan og skal gjerast betre. Derfor går dagane frå morgon til kveld med til å gjera endå litt meir med den fine ramma vår, rundt Gullhaug.
Klikk på bildet ved sida av, og studer den flunkande nye scenen vår, og ramma rundt. Er det ikkje flott? Er ikkje scenen nydelig integrert med det grå berget, som me har vaska så kvitt som mulig? Og er det ikkje koselig med terrassen og blomane øverst oppe i bakgrunnen?
Jo, sjølsagt er det det. Men eg er ikkje så veldig opptatt av det som fungerer, men meir av det som ikkje fungerer. Det som kan gjerast betre. Og då finn eg mange ting i dette bildet frå konserten sist søndag, som må vera i orden før neste konsert.
*
Sjå dei to breie borda til høgre for scenen, som ligg lett henslengt oppå berget, definitivt på feil plass. I går fjerna eg dei derifrå, så dei ikkje skjemmer meir.
Materialstubbane til venstre for scenen fekk eg òg lurt vekk, og eg malte ferdig baksida av scenen. Den ser du ikkje på bildet, men står du oppe på terrassen ovanfor, så ser du alt. 
Dei to gamle telefonstolpane som ligg litt lengre oppe, skal flyttast høgare opp, blant anna ved hjelp av kasteblokka i den oransje stroppen. Stolpane skal brukast som fundament for ei bru utanfor bildekanten. Stroppen må òg fjernast frå bildet, helst i dag. Det som iallfall skal skje i dag er at eg lagar ei dør til den gapande opningen.
På taket skal det tekkjast med trebord, som eg held på å laga til. Men eg treng hjelp av slavane Sindre og Stig for å få det på plass. Dei er unge og vakre, og dei har mykje betre balanseevne enn den gamle kroksylen Arne.
Dei to små stokkane som ligg ved foten av scenen, får få lov å liggja litt til. Dei skal brukast til noko kjekt nett der, men eg er enno ikkje heilt sikker på kva det blir.
Oooops ... Ser du forresten at i bakgrunnen, like over scenetaket, stikk det opp nokon materialar? Dei må vekk derifrå i dag, og helst skruast opp der dei faktisk skal vera, nemlig på nedsida av terrassen.
Skal me satsa på at på søndag ser bildet pittelitt meir perfekt ut?
17.07.2024 Kategori: Livsstil
GULLHAUGKAKE
Nei, overskrifta er ikkje feilskriving for gulrotkake. Eg meiner det eg skriv, det gjer eg vel alltid. Gullhaugkake er det heilt nye her på heimefronten.
Det vil seia, kaka eksisterer ikkje enno, det var berre noko eg kom på i går, og som eg gjerne vil prøva å laga. Gullhaugkonsertane starta sist søndag (sjå her), og der har me open kiosk før og etter konserten. Då kan gjestene komma i god tid, og kanskje stansa ei stund etter konserten, og kosa seg med pølser, vaflar, kake og kaffi.
Og så slo det meg altså at me skulle hatt ei skikkelig Gullhaugkake. Ei skogsbærkake, med bær som er plukka på eller rundt Gullhaug. Publikum kan formelig sitja og sjå på buskane som råvarene kjem frå. Meir kortreist blir det ikkje. Ureist, er ordet.
Så eg gjekk i gang og plukka ein liten slant villbringebær i går, for å laga ei prøvekake i dag. Blir det ein suksess her i huset, så blir det laga ny kake til helga. Også det ein suksess, er min umiddelbare spådom.
Det er mengder av bjørnebær også i området rundt Gullhaug, og blåbæra er på plass innover skogen. Så kanskje kan det bli andre boller ... eh, kaker ... utover sommaren.
På konserten sist søndag kom det heile 115 gjester. Når Gullhaugkaka får fotfeste, kan fort dette talet mangedobla seg.
Viss kaka blir laga, vel å merka ...
28.05.2024 Kategori: Livsstil
HALSNØY SHANTYKOR GJORDE INVASJON I SKÅNEVIK
Laurdag 18. mai, dagen etter nasjonaldagen, og på sjølvaste pinseafta, samla Shantykoret seg på Bjørnevikskaien i Høylandsbygd. Med koner og sambuarar, trekkspel og dirigent, humør og songrøyst, og elles det som trengst for ein skikkelig solskinstur på sjøen.
Sunniva og Gerhard Eide stilte opp med den fantastiske skøyta si, med det stolte namnet Skirnir. Til og med ordføraren var på kaien og gav oss nokon formanande ord på veien. Me skulle jo heilt over til nabokommunen, og då gjeld det å kunna oppføra seg. Eg trur iallfall at det var noko sånt han sa, eg veit ikkje sikkert, for eg kom på kaien nett etter at han var ferdig med talen sin.
05.05.2024 Kategori: Livsstil
ER DETTE DJEVELEN SJØLV?
Sjå på bildet! Sånn har eg gått rundt og sett ut i det siste. 
I det flokete konglomeratet oppe i panna kan du lett skimta eit hakekors. Pluss eit par satanistiske symbol. For ikkje å snakka om at halve det russiske alfabetet befinn seg der. Mon tru om Putin har ein finger med i spelet? Eller på avtrekkaren kanskje?
*
Når folk forskrekka spør kva eg har gjort meg, så seier eg gjerne at eg var på dans i Bromlo sist laurdag. Dei nysgjerrige ungdommane blir då umiddelbart og plutselig til personifiserte spørsmålsteikn, mens dei meir tilårskomne bryt ut i latter. Dei huskar nemlig kva Bromlo var for noko.
I min ungdom var Bromlo eit berykta ungdomshus her på øya. Søndags morgon kunne enkelte kanskje sjå ut nett slik som eg gjer her. Navnet Bromlo, for den som forstår seg på sunnhordlansk dialekt, fortel vel ganske greitt kva type miljø som fanst der. 
Men heldigvis blei huset reve for minst femti år sidan. Så den type oppsyn blei avskaffa. Inntil nå, altså.
Eg viste bildet til mitt kjære barnebarn på ti år. Ho blei forskrekka, til eg fortalte at dette var det nye profilbildet mitt. Då braut ho ut i hikstelatter. Så ikkje kom og sei at ungdommen av i dag manglar humor.
Podagra er altså ikkje det eineste problemet med den skakkjørte kroppen min for tida. Men i motsetning til podagra, så er dette ansiktet noko eg har sagt jatakk til sjølv, av eigen heilt frie vilje.
Korfor, skal me kanskje komma tilbake til.
Foto: Selfie

Til toppen