Utsikt vestover fjorden, frå GULLHAUG, som har 360 graders view.
Eigedommen FATLANDSKOGEN (gnr/bnr 206/1) på Fatland, sør på Halsnøy, i Kvinnherad kommune (4617), er til salgs. Halsnøy er landfast via Halsnøytunnelen.
Fatland er ei sentral utkantbygd, med berre 10 min til lokalsenteret Sæbøvik, og 15-20 min til regionssenteret Husnes.
FATLANDSKOGEN er ein landbrukseigedom på 1059 dekar. Rein skogeigedom, men med stort potensial for variert og allsidig drift. Oppdatert skogbruksplan.
Sagbruk, med produksjonshall for trevarer.
Konsesjonsplikt. Driveplikt. Truleg fritak for buplikt, sidan det er ein rein skogeigedom. Ikkje våningshus i dag, men fleire flotte og solrike tomter for dette. Sjølinje. Naust. Bading. Fiske i ferskvatn og sjø. Hjortejakt.
GULLHAUG er ein arena på eigedommen, for konsertar, selskap, events, bryllaup, jubileum, turgrupper, mm. Nydeleg hageområde, med planlagt hagerestaurant og gardsbutikk. Kapell. Scene. 360 graders view. Perfekt for selskap, events, turbussgrupper. Tribune under oppføring. Planlagt servicebygg og kjøken.
FATLANDSKOGEN er også eit stort tilrettelagt rekreasjonsområde for publikum. Eigarane vart av Grenda sine lesarar kåra til Årets namn 2024 for arbeidet og resultatet.
Avløpsanlegg med betalande abonnentar. Eige stort vassreservoar.
Regulert bustadfelt er også til salgs, som eige objekt.
Reiselivsområde på 200 dekar er foreslått i ny arealdel til kommuneplanen. Dette inkluderer GULLHAUG.
Utgangspris for FATLANDSKOGEN er 8 990 000,-, pluss kostnader. Men prisen kan diskuterast viss du har eit spennande konsept for eigedommen. Det viktigaste for seljar er at du er dedikert oppgåva med å ta over denne heilt spesielle eigedommen.
Klikk knappen nedanfor for å sjå salsannonsen på finn.no, med mykje meir info om eigedommen, visning, bodrunde, mm. Du finn massevis av bilde frå eigedommen og aktivitetane der. Finn-kode 442980669.
Utsikt austover frå GULLHAUG, mot skogen.