Kva denne bloggen ikkje er
Denne bloggen er ikkje ein moteblogg, slik mange bloggar i dag er, der du blir tuta øyrer og auger fulle av reklame om kva du må kjøpa. Eller laga. Eller kjøpa, for å kunna laga. Og for å kunna visa fram til alle som vil sjå. Og til alle som ikkje vil sjå, men som i praksis ikkje får noko valg.
Denne bloggen er heller ikkje ein blogg som er smekkfull av bilde, slik mange bloggar er, der bloggaren elskar å leggja ut mengdevis av bilde, der lesarane berre har tid til å bruka eitt sekund på kvart bilde. Fordi han må bla fort vidare til neste bildeblogg, der det òg er drøssevis av bilde. Som du strengt tatt ikkje treng sjå på, fordi eitt av bilda fortel det meste, dei 23 påfølgjande bilda fortel stort sett det samme.
Kva denne bloggen faktisk er
Nei, dette er meir ein anti-moteblogg, som tar avstand frå alt unødvendig fjas i samfunnet. Som heller prøver å få deg til å leva eit liv utan press frå motar og forretningsfolk. Ein blogg som gjerne vil at du skal få eit betre liv, nettopp fordi du skal sleppa dette presset. Eit liv i harmoni, der du blir glad kvar gong du slepp å kjøpa noko nytt.
Gjenbruk er berre eitt av dei orda som du vil komma borti viss du følgjer bloggen min vidare. Berekraft er eit anna.
Forbruk er fy-ord nummer to, og overforbruk er fy-ord nummer éin.
Og her hos meg vil du normalt finna berre eitt bilde i kvart innlegg. Eit bilde som illustrerer eit aktuelt poeng i teksten. Viss eg ikkje har eit passande bilde, droppar eg gjerne heile bildet.
I bloggen vil eg fortelja om opplevingar gjennom livet mitt, gode og dårlige erfaringar. Det er mange av begge sortar. Eg liker godt å skryta av folk, når dei har gjort noko som overgår det ein kan venta av dei. Men eg gir nådelaus kritikk til dei som ikkje gjer det ein kan venta, eller som til og med gjer det motsette.
Eg vil dessutan filosofera ein del over ganske kvardagslige ting. Eller kanskje meir høgttravande tankar, viss sånne skulle falla meg inn. Kanskje du synest at noko er ganske barnslig? Det kan eg i så fall leva med.
Dette var litt om målsetjinga for denne bloggen, viss konsentrasjonsevna fell på plass igjen.
Vaksinehelvetet
Etter at eg blei dødssjuk av koronavaksinen sommaren 2021, har eg hatt kjempeproblem med konsentrasjonsevnen. Heilt håplaust har det vore å skriva noko som helst. Kanskje kunne eg få rabla ned berre tre ord ein dag, deretter svartna alt. Ein heilt ny kvardag for meg, som var van med å skriva dagen lang. Nå måtte eg konsentrera meg om det aller nødvendigaste av kontorarbeidet, og berre det var ofte ganske håplaust å klara.
Jobben min, som orakel og guru for brukarane av dataprogramma som eg har laga, måtte reduserast til det som var aller viktigast for kundane. Og det måtte utførast på dei smale tidspunkta når kroppen ville spela aldri så lite på lag.
Eit par bøker som eg lova å skriva, har også blitt liggjande på vent. Kanskje blir dei heller ikkje utgitt nokon gong, for nå vil eg sjå om det er mulig å ta bok-stoffet inn i denne bloggen i staden. Litt etter litt kanskje, for då er presset mykje mindre.
I januar 2024 begynte konsentrasjonen langsomt å komma tilbake, så det er i gledesrus over dette at eg nå tar sjansen på ein blogg. Ikkje alle dagar er like gode fremdeles, så det kan sikkert bli nokon elendig formulerte innlegg innimellom. Men eg satsar alt på at eg grovt sett kjem tilbake til mitt gamle intellektuelle nivå.
Det er berre den hersens alderen som sikkert etter kvart vil undergrava planane mine.
Språket mitt
Språket i denne bloggen var var egentlig tenkt å vera samnorsk. Eg ville slå eit slag for at me etter kvart må slutta med dette tøyset med å ha to norske, og nesten heilt like, språk i eit pittelite land. Me er langt på overtid med å slå dei saman. Eg er medlem i Landslaget for språklig samling (sjå nettsida til laget), som arbeider for å få laga eitt norsk språk, mest kjent under navnet samnorsk. Også navnet framtidsnorsk er brukt.
Men eg feiga ut i siste liten. Sjansen var altfor stor for at dette stuntet ville ha virka mot sin hensikt, og vera meir avvisande enn samlande om bloggen min, og om samnorsk-saka. Så eg kutta rett og slett ut å skriva bloggen på samnorsk.
Til daglig har eg alltid skrive både bokmål og nynorsk, avhengig av kven som skal lesa det eg skriv. På denne måten har eg tatt Stortinget sitt såkalla jamstillingsvedtak frå 1885 til mitt hjarte. Der står det svart på kvitt at begge målformene er likestilte, og at alle har rett til å bruka den målforma dei ønskjer.
Av respekt for at eg sjølv bur midt i nynorskland, skriv eg derfor denne bloggen på nynorsk. Men eg har valgt å vrengja av meg den tvangstrøya som nynorskfolket har gått rundt med i alle år. Derfor har eg oppheva nokon reglar, noko som gjer språket mitt litt meir samnorsk likevel. Meir fleksibelt. Og litt ledigare. Og dermed lettare å skriva. Og garantert kjekkare å lesa for dei fleste, ikkje minst for bokmålsbrukarar.
Mellom anna så er anbehetelse-regelen fjerna fullstendig i mitt språk. Den regelen har du sikkert aldri høyrt om. Men det kjem du kanskje snart til å gjera.
Kommentering av innlegg
Du har ikkje anledning til å kommentera innlegga her på bloggen min. Dette har eg bestemt, av fleire grunnar.
Først og fremst så må eg beskytta meg sjøl mot unødvendig meirarbeid i denne fasen, når eg prøver å byggja meg opp igjen, i eit forsøk på å få den gode gamle konsentrasjonsevnen på plass. Det å behandla kommentarar er ein betydelig ekstrajobb viss det skal gjerast samvittighetsfullt.
Så er det også slik at eg er ikkje overvettes begeistra for nettroll og deires aktivitet i det store og heile. Dei har ofte lite oppbyggjande tankar å bidra med. Eit seriøst tema, med seriøse tankar rundt, kan lett bli til ein farse når nettrolla får boltra seg. Dette ønskjer eg ikkje å bidra til.
Det kan høyrast ut som at eg prøver å kvela debatt om mine meiningar, men det er altså ikkje hensikten. Du må gjerne starta ein debatt på grunnlag av noko eg skriv. Men gjer det i så fall på ei anna plattform. Der kan du skjella meg huden full om du ønskjer det. Prøv likevel å gjera det på ein saklig måte.
Eg er sjøl ikkje å finna på andre plattformer, ikkje på Facebook eller noko anna asosialt medium. Så viss du angrip meg der, så er det fritt fram. Kanskje andre står fram og forsvarar meg, om det skulle vera grunnlag for det.
Men viss du har seriøse tankar om det eg skriv, så vil eg gjerne at du sender meg ein epost om det. Kanskje vil eg då laga eit innlegg om dine tankar, som eit apropos til, eller som kontrast til, mine tankar.
Viss du har formulert deg godt, kan eg gjerne leggja din kommentar inn som eit nytt innlegg her på bloggen. Men då må du underskriva med fullt namn.
Ja, kanskje du vil vera med-bloggar? Altså, at du frå tid til anna får lov å skriva innlegg som går ut på min blogg. Det er noko me i så fall får diskutera etter kvart.
Som nyerklært språkrebell vil eg nok gjera nokon tabbar underveis. Ikkje alt blir konsekvent frå starten av, det blir litt prøving og feiling. Men med tida blir det betre, sett frå mi side. At andre kjem til å riva seg i håret, og gjerne riva det av, går berre ut over dei sjølve. Og frisørane deira.
Om navnet AG TRE
Eg blei nærmast fødd i sagmodungen på sagbruket til pappa. I alle fall var eg berre rundt sju år då eg fekk ansvaret for å fjerna sagmoen mens han skar tømmer. Og lenge før den tid likte eg å vera med han på skogen om vinteren. Mens han hogde tømmer, bygde eg barhytter til hauk og ville dyr, huskar eg.
Så navnet på denne bloggen seier seg jo egentlig sjøl. Eg har blodet fullt av sagmo.
Våpenet AG3? Jodå, eg hadde eit sånt i heimevernet. Eg var fantastisk god til å skyta, traff kvar einaste gong. Avtrekkaren, altså. Blinken skal me snakka mindre om. Eg har alltid hatt dårlig syn, så unnskyldningar for den litt lågare treffprosenten på blinken er ikkje noko problem.
Men eg skyt gjerne, og ofte, verbalt. Frå hofta, til og med. Både med kjeften og pennen. Mange har fått føla den til dels kvasse pennen min. Den smertar nok ein del. Og svir. Den vil nok bli brukt ein del her i bloggen også.
Eg ber om unnskyldning viss denne skarpe pennen min skulle treffa litt skeivt ein gong i blant. Altså, at eg rammar nokon som ikkje fortener det. Då håpar eg inderlig at eg er flink nok til å rydda opp i situasjonen.
Elles så ser du sikkert allerede at AG er initialane mine. Og eg har tre kjekke born. Som ikkje heilt er born lenger, den eldste passerer eit halvt hundre år neste vår.
Navnet passar også godt saman med livsanskuelsen min, om naturtapet som me må forhindra, om globaloppvarminga som me må stoppa. Og ikkje minst om overforbruket vårt, som me må redusera, og som me må dreia bort frå stål, betong og plast. Til fornybare produkt.
Av tre.
For alt som kan lagast av olje, kan lagast av tre.
Skrive 25.04.2024