28.05.2024 Kategori: Livsstil
HALSNØY SHANTYKOR GJORDE INVASJON I SKÅNEVIK
Laurdag 18. mai, dagen etter nasjonaldagen, og på sjølvaste pinseafta, samla Shantykoret seg på Bjørnevikskaien i Høylandsbygd. Med koner og sambuarar, trekkspel og dirigent, humør og songrøyst, og elles det som trengst for ein skikkelig solskinstur på sjøen.
Sunniva og Gerhard Eide stilte opp med den fantastiske skøyta si, med det stolte namnet Skirnir. Til og med ordføraren var på kaien og gav oss nokon formanande ord på veien. Me skulle jo heilt over til nabokommunen, og då gjeld det å kunna oppføra seg.
Eg trur iallfall at det var noko sånt han sa, eg veit ikkje sikkert, for eg kom på kaien nett etter at han var ferdig med talen sin.
Desse har bidrege med bilde til galleria nedanfor: Britt Iren Tjelle Østebø, Hans Ordin Østebø, Martin Bjørnevik, Reidar Bjørnevik, Oddrun Tjelle, Lars Eirik Tjelle, Anna Gjerde, Arne Gjerde.
Klikk på eit bilde for å sjå større versjon. Bruk så høgrepil for å gå til neste bilde.
Avgang frå Høylandsbygd
Som nett fortalt, så kom me til kaien rett etter at ordførar Vegard Bjørnevik, med kjeda rundt halsen, var ferdig med den vesle talen sin. Eller appellen, kanskje. Dette skuldast ikkje at me var seine, me var presis klokka 1000, slik opplegget var. Det var nok heller talaren som ikkje kunne styra seg, og som starta før tida.
Han er nok definitivt den første ordføraren i Kvinnherad som er før si tid. Det lovar godt for dei kommande fire åra.
Alle 12 medlemmene i koret var snart på plass, og dei hadde 9 damer med seg. Så me var ein fin gjeng om bord, i det fantastiske solskinet. For det meste landkrabbar, men nokon med solid erfaring frå det våte element.
Spesielt må vel nemnast Reidar Bjørnevik, som var skipper på den stolte skuta for dagen. Det gjorde at Gerhard fekk heilt fri og kunne kosa seg på dekk, saman med oss andre.
Ein annan som også er ein slags skipper i koret, er Lars Eirik Tjelle. Han er organisasjonen sin leiar, som prøver å halda styr på oss, og som syter for at alle er der dei skal vera til ei kvar tid.
Sjå Hans Ordin sin video frå avgangen her.
Over bølgjan blå
Tittelen her er kanskje litt misvisande, for det var ikkje ei bølgje å sjå. Vindstille hav, sol frå skyfri himmel, og temperatur på 25 grader eller deromkring. Betre ramme kunne ikkje turen få.
Torvald Gjerde er musikalsk leiar for koret, og han fann snart fram trekkspelet. Nokre eigne låtar tok han, men me fekk òg sunge gjennom det meste av repertoaret vårt. Så noka oppvarming når me kom fram, skulle vera unødvendig.
På førehand var damene usikre på om dei skulle vera med på turen. Eg blir med, viss andre blir med, var omkvedet. Til slutt vart altså så godt som alle med. Og det var kjekt, både for dei og for oss andre, også kalla det sterke kjønn.
Gatelangs i småbyen
Vel framme i Skånevik, stilte koret opp ved ferjekaien og song eit par nummer. Publikum var ikkje veldig stort der og då, men dette var heller ikkje annonsert.
Så rusla me rundt i gatene, i småbyen Skånevik. Det er jo ei bygd, men eg har høyrt folk frå byar kalla Skånevik for by, så korfor ikkje? Busetnaden og gatemiljøet har absolutt eit typisk bypreg. Og me treng ein liten by i indre Sunnhordland, så herved er Skånevik utnemnd til by. Eller iallfall småby.
Etter kvart traff me på mange kjenningar, også mange frå Halsnøy. Desse kom for det meste med båt, og Skånevik er populært stopp for båtturistar generelt.
Damene kikka sjølvsagt i butikkane. Me mannfolka burde vel vera djupt konsentrerte om oppgåvene som venta, men me slappa nok helst av me òg.
Konserten i Gjestgjevargarden
Klokka 1200 skulle me ha konsert i den gamle ærverdige Gjestgjevargarden. Unni Halvorsen tok imot oss, og orienterte om bygget og stiftinga som eig det, og om bruken i dag. Unni er egentlig frå Høylandsbygd, så her traff ho på kjenningar.
Lokalet er ikkje stort, men det vart fylt til trengsel. Våre eigne damer måtte fint gå ut, for å gjera plass til eit lokalt publikum.
Det vart litt trangt for oss i koret òg, men det har me etter kvart vent oss til. Me gler oss til me ein gong skal få opptre i Royal Albert Hall. Då får me litt meir armslag. Men me har ikkje blitt invitert dit enno. Kanskje neste år ...
Konserten gjekk veldig fint, og publikum skrytte. Eg trur det var velmeint og ærlig, elles hadde dei ikkje smilt så fint til oss etterpå.
Etterpå ja, då spanderte huset vaffel og kake på heile koret! Det var fint og generøst gjort, og det passa akkurat i magane våre nett då.
Konsert nummer to, på Fjordhotellet
Etterpå var det å komma seg ut på gata og slappa av litt, før den neste konserten. Me var litt usikre på kor hotellet ville ha oss plassert, inne, eller ute i hagen. Men Inger Karin Larsen, som sjølv tok imot oss, plasserte oss ute på terrassen utanfor baren.
Dette var nok beste plassen, og her var det armslag i massevis. Det er lettare å syngja då, når me kan spenna fram brystkassen og samla all den luft som trengst for at røysta skal høyrast mandig og vakker og innsmigrande ut.
Det var eit bra stort publikum som sat rundt på terrassen, godt over 40 stykke iallfall. Og me gjorde visst suksess, sa alle. Og det har eg sett på Facebook òg i etterkant.
Inger Karin var så imponert (!?) at ho gjekk i gang sporenstreks med å laga pizza til oss alle. Kor mange pizzaer ho laga, veit eg ikkje men det var veldig mange. Til både damer og menn, alle skutefolka fekk eta seg mette.
Me visste at ho er ei snill og oppofrande dame, men nå fekk me erfara det rett på kroppen. Eller rett i magen. Tusen takk for at det finst slike menneske!
Solskinstur gjennom Høylandssundet
Etter slike sterke og gode opplevingar i Skånevik, vil det vel vera feil å seia at heimturen over fjorden var høgdepunktet. Men at det var ei heilt spesiell oppleving, er sikkert.
Frå Ølfernes og nordover gjekk me langs landet på austsida. Altså, forbi Hansalio hyttefelt, og alle dei andre hyttene ved strendene på Ersland og Sandvoll.
I ei lang pinsehelg som denne, med det fenomenale vêret, var det lett å skapa fullt liv på alle bryggene. Skipper Reidar reduserte farten og lydnivået på Skirnir, og så stemde koret og trekkspelet til Torvald i med Skomværvalsen. For full musikk, bokstavelig talt.
Eg veit ikkje kor mange vers me presterte, songen har egentlig berre tre vers. Men eg trur me song iallfall ti. For kvart nytt nes me passerte, dukka det opp nye hytter, med nye jublande hyttefolk som kom stormande ut på brygga. Og då måtte me berre syngja vidare, veit du.
Ei stor oppleving, sa alle etterpå. For dei fleste var det heilt ny kunnskap at det har komme så mange hytter og hyttenaust på denne kystlinja. Det var som på Sørlandet.
Dessverre har me ikkje mykje bilde som viser dette. Det er jo slik at når alle er engasjerte og veiftar med begge armane, er dei ganske ute av stand til å ta brukande bilde. Det siste bildet viser likevel eitt av desse anlegga, men dessverre før folket kom springande ut på brygga.
Heime igjen
Er det Halsnøy eller Skånevik som er Sunnhordlands perle? Denne kampen har vel gått føre seg i ein del år. For nemninga har vore brukt i stor stil om begge.
Eg synest me skal droppa diskusjonen. Begge to er perler i Sunnhordland, trulig dei to største perlene. Og me skal ikkje ha nokon diskusjon om kven av dei som er den største perla. Skånevik og Halsnøy er dei to største perlene, ferdig snakka!
I dag har me vore så heldige at me har fått nyta det beste av begge desse fantastiske bygdene.
Men då me stemnde inn mot Bjørnevikskaien igjen, song me sjølvsagt Halsnøysongen. Denne vakre hyllesten til øya vår. Skriven av høylandsbygdaren Hilmar Kleveland.
Og med denne turen erklærer me sesongen for Halsnøy Shantykor for behørig avslutta! Men me gler oss veldig til hausten!