
03.03.2025 Kategori: Rolp
PUTIN TIL GULLHAUGKONSERTANE?
Det har ryktast heilt til Moskva at me her på Fatland har vurdert å kjøpa Trump Tower for å tvangsflytta det til Gullhaug (sjå innlegget nedanfor). At me på denne måten gjer narr av beste kameraten til den russiske presidenten, har falle sistnemnde tungt for brystet.
Sjølvaste president Pyton ... eh, Putin, har derfor tatt kontakt med oss, openberrt for å få innpass også her i landet. Me er jo gode naboar, og me besøkjer sjølvsagt gjerne naboane våre. Seier han. Og ja, det skulle berre mangla, det har me gjort før, seier han, hos andre gode naboar. Han vil gjerne ta leikekameraten sin, Donald Duck ... eh, Trump, òg med seg hit til Gullhaug Tower.
*
Her skal dei ha fredelege samtalar om opprustning og framtidas atombomber og andre trivielle typar kvardagsprat. Putin skal elles, i den største konsertsalen i Gullhaug Tower, spela ein kjend russisk folkemelodi på piano. Og Trump skal spela idiot, sidan det jo er det han beherskar best.
Putin håpar at låten hans skal bli ny norsk nasjonalsong når dei to tar over her i landet om ikkje særleg lenge. Seier han, på sin sjarmerande Kreml-dialekt, men me forstår godt kva han vil fram til.
Ja, for å overbevisa oss om sine edle hensikter, har Putin sjenerøst tilbode seg å eigenhendig halda ein heil pianokonsert her til sommaren, med det frivillige laget Gullhaugkonsertane som arrangør.
Han vil gjerne at Gullhaug endrar namn til Putinhaug (russisk: Путин куча), tydeleg inspirert av Trump si namneendring av Mexicogulfen til Amerikagulfen.
Gullhaugkonsertane skal tilsvarande endra namn til Putinhaugkonsertane (russisk: Путин куча концерты). I pausen får arrangøren til gjengjeld lov å selja russiske spesialitetar som sjasjlik, ukha, rassolnik, soljanka, botvinja, sjtsji, okrosjka, tjurja, russisk kaviar og Boris Jelzin vodka.
Styret i Gullhaugkonsertane vart ikkje umiddelbart overbegeistra over tilbodet om konsert, sjølv om Pyt... Putin lova å gjera dette stuntet heilt gratis. Dessutan lova han å senda 500 ekstra stridsvogner til Ukraina, sidan Trump ikkje har vore så lysten på å gjera nett det.
Styret har tillate seg å tvila aldri så lite på Putin sine musikalske evner, bortsett frå at han visstnok skal handtera Stalinorgelet bortimot perfekt. Dei har derfor bede han senda eit prøveopptak slik at dei kan få vurdera på neste styremøte om han skal ønskjast velkommen hit. Eller om han på høflegast mulig vis skal bli beden om å heller å dra dit peparen ikkje gror. Altså til Sibir.
*
Om du vil sjå og høyra prøveopptaket hans, kan du klikka her.
(Teksten ovanfor er oppdatert den 07.03.2025, etter at Putin informerte oss om namneendringane for Gullhaug og Gullhaugkonsertane.)


15.02.2025 Kategori: Rolp
GULLHAUG TOWER
Det er merkelege tider me lever i. Den trygge samarbeidspartneren vår gjennom snart hundre år, USA, har på eit par veker snudd seg til å vera det mest usikre kortet av dei alle. Og alt skuldast éin einaste mann, Donald Trump.
Han har erklært at han skal få slutt på krigen i Ukraina, på berre 24 timar. Og krigen i Gaza fekk han stoppa på null komma niks. Ingen av desse krigane hadde nokon gong blitt starta viss han hadde vore president, påstår han. Kledelig beskjedenhet, som alltid der i leiren.
*
Hitler tok i si tid kommandoen over Tyskland på nett samme måten, men han brukte mykje lengre tid. Trump klarte det på fjorten dagar!
"America First!" seier Trump. "Deutschland über alles!" sa gjerne Hitler og hans gjeng. Begge desse utsegnene betyr stort sett det samme, berre med forskjellige land i sentrum.
Så seier Trump den allmektige at Gaza skal byggjast opp att, til eit paradis på jord. Sjølvsagt er det han sjølv som skal gjera det. Men då kan ikkje palestinarane bu der lenger, innimellom gravemaskinar og dynamittsalver, det seier seg sjølv. Dei må tvangsflyttast til ein annan stad, gjerne Norge, Jordan eller Egypt. Der skal dei få det så mykje betre, meir som plomma i egget.
Ja, og så vil han kjøpa Grønland. Og Canada. Og Panama. Og ... you name it. Til ein pris som han sjølv bestemmer. Det blir jo raskast og billigast på den måten.
*
Det slår meg kor effektivt han gjer det. Korfor gjer ikkje me andre òg sakene på ein sånn måte? Det har fått meg til å tenkja litt i hans banar.
Eg vil gjerne kjøpa Trump Tower frå han. Til ein pris som er akseptabel. For meg. Då kan naturligvis ikkje han sjølv bu der lenger, så han vil eg tvangsflytta. Til Gaza, der skal det jo bli så flott å bu. Han kan gjerne få kalla det for Trump Paradise.
Kanskje kjem eg til å tvangsflytta Trump Tower til Gullhaug. Der vil det ruva mykje meir i terrenget enn det gjer der det står i dag. Og så vil eg heller dyrka grønsaker på den tomta der tårnet stod før. Den gongen det var hans. I den svære byen hans kan det bli trong for mykje mat framover. Kortreist.
*
Planen min er ikkje komplett enno. Det manglar tusenvis av detaljar. Men det gjer det i hans planar òg.
Slagordet har eg iallfall klart: GULLHAUG FIRST!