Tomta er det frodige arealet heilt nede i bildet, det den raude pila peikar. Hovudvegen skimtar du i venstre kant, ein tredjedel opp frå nedre kant. Tilkomstvegen til tomta di ser du også, nede i venstre hjørne. Det er Fjelbergøy som stikk seg inn i fjorden frå venstre. Stord i bakgrunnen. Bildet er tatt frå GULLHAUG.
Tomta er omlag i det området som er merka med T. Det er på Fatland, på Halsnøy, i Kvinnherad kommune.
Tomta er merka med T. Gullhaug er merka med GH. Tilleggsarealet X kan kjøpast om du ønskjer det. Ny veg er teikna med svart strek. Den er inkluder i tomteprisen, fram til tomtegrensa.

Hagejorda er ekstremt god på tomta, sidan dette for mange år sidan var jordbæråker. Roser og andre krevjande vekstar har me god erfaring med på Fatland, ikkje minst her i Gullhaug-området.
Kabelgrøfter på Fatland.
Ballbingen tilbyr eit hav av ulike aktivitetar. Kan også brukast til samlingar av ymse slag.

Naturstien i Fatlandskogen er eit eldorado som ligg berre fem min gange frå tomta. Massevis av spennande trefigurar, aktivitetar og informasjonsplakatar.

Om våren er det kvart år ei populær friluftsgudsteneste på Gullhaug.

I Fatlandskogen er det fleire gapahukar med bålpanne.

Litt av turgruppa ved Fatland aktivitetshus.

Mange av mannfolka ved Fatland aktivitetshus elskar snikring. Mykje av det dei lagar blir selt, eller lodda ut på basaren.

Det er alltid smekkfullt hus under basarane til Fatland aktivitetshus. Her gjer Sissel klar utstilling av gevinstar som dei har laga sjølve.
Fellesområdet nede ved hovudvegen. Bildet er eit par år gammalt, så gapahuset i bakkant er ikkje ferdig her.

Dekka til selskap i Fatland grendahus.

Dugnad i regi av Fatland Vel. Då er det godt med ein kakekaffipause.
På Fatland har me solide tradisjonar for orienteringsløp.
Også for tur-orientering.
Av og til kan ein skeisa på Fatlandsvatnet.

Det frivillige laget Gullhaugkonsertane arrangerer friluftskonsertar på Fatland. Mest om sommaren, men også eit par i vinterhalvåret.
Badeliv i Fatlandshavnen.
Ferjekaien på Sydnes.
Slik kan huset ditt sjå ut, frå vest. Garasje i kjellaren, og to etasjar over, med terrasse utanfor begge. Til høgre er eit tårn, som gir eit ekstra rom ein etasje over dei andre.
Same huset som ovanfor, men her sett frå sør. Tårnet i midten har utsikt mest vestover mot fjorden. Den lune hagen kan du ha på oppsida, altså til høgre på denne skissa.

Er det noko du lurer på, er Fatlandsvatnet beste plassen å setja seg ned for å filosofera litt. Gjerne saman med oss.

Dette er tomta di, sett frå øvre del av same tomta. Bildet er tatt for fleire år sidan, så vegetasjonen er litt annleis i dag, men utsikta er den samme. Tilførslevegen kjem inn frå venstre i nedre kant av tomta, og går langs nedre kanten, heilt bort til høgre kanten. Bildet omfattar også nabotomta til høgre, den er seld. Fatlandshavnen ligg nett til høgre for den store tujaen midt i bildet. Granskogen du ser midt i bildet mot venstre, ned mot sjøen, er borte i dag.