18.10.2024 Kategori: Argus
DAGEN DERPÅ
Sundag morgon, og Argus har nett vakna. Han reiser seg opp i senga, og knekar seg i augo. Og ristar litt på hovudet, som om det skulle kunna hjelpa han til å verta edru att. Brått lutar han seg over mot den framleis småslumrande kona si, og skrålar av full hals:
— Godt nyttår, Annemor!
— Hupp, hæh? Ka e da så feila deg i dag, Argus? Da e nesten ein måne sio nyttårshelgjo, så du e faktisk litt seint ute med helsingane dine.
— E eg? Eg synst tydele da kjennest ut så atte nyttårsafto va i går kveld.
— Nei, du hadde deg visst berre ein liten fest i lag med Baldriansen igjen. Åsså du så hadde så fint nyttårsforsett om å slutta å drikka.
— Jammen da e det så e så fint med nyttårsforsett, viss di ikkje virka, så kan me berre finna oss et nytt årsforsett.
— Ja, eg trur du ska prøva deg på noko heilt anna neste gong. Men kin andre va da så va med dåko å festa i går?
— Mjaaa, la meg sjå, detta minnet mitt e 'kje det så da ein gong alder har vore. Men eg trur atte Dolly Parton va der.
— Javel ...
— Åsså va da ein kar så di kalte for onkel Alzheimer. Han va veldig gammale, eg trur han gjekk på skulen i lag med Metusalem elle broren hans ...
— Ja, nettopp. Kanskje kongen va der òg?
— Nei, tenk han va 'kje det! Han måtte visst rydda i potetekjedlaren i går, så han sende Sonjo i staden.
— Nett nå slutta eg plutsele å tru på deg, Argus. Du får meg ikkje te å tru atte sjølvaste dronningjo va ute å festa med deg å Baldriansen.
— Nnneei, du har vel rett, så vanligt. Når eg tenkje godt itte så va da visst Mette-Marit. Men Annemor, vett du atte di fant et nytt kadlenavn på meg.
— Åjasså, ka kalte di deg for noko denna gongjen då?
— Di kalte meg for Osama bin Laden!
— Osama bin Laden, koffor i adle dagar kalte di deg for det?
— Jo, for atte di alder vett heilt kor di har meg henne!

(Frå boka Sett gjennom Argus sine augo, utgitt 2009. Teikning: Trygve Hansen.)
11.09.2024 Kategori: Argus
PÅ HÅLKO
Det er januar og dagen vaknar så smått til liv på Feiteland.
— Koss går da med deg i dag, Argus, itte atte du glei å datt på hålko i går, neri Feitelandsbrekko.
— Å du vett det, Annemor, atte me så e litt småfeite har da godt sånn. Eg blei gule å blå både her å der, men andre så e magre, dei brekke armar å lårhalsar. Di ligge strødde!
— Strødde ja... Da va vel egentle deffor du datt, di hadde vel 'kje strøtt denna gongjen helle?
— Nei, va da likt seg. Huska du atte me fekk ein brosjyre i posten før jul, ifrå veivesenet, å der stod da atte Feitelandsbrekko va 'kje nommer ein på brøytelisto deiras.
— Nei, du må nå skjønna atte di brøyte framfor rådhuset å ordføraren å lensma'n å presten før di kjeme her te oss.
— Ja, eg skjønna jo det, men da sko likavell vara brøtt å strøtt å salta itte nåken timar her òg, stod da. Men det trur eg me får ta med ei klypa natriumklorid.
— Ei klypa kaffornoko?
– Natriumklorid. Elle salt, så da hete på husmorspråkjet. Eg sko berre testa kor god du va i kjemi.
— Tullebokkjen! Men ka va da di hete dei så sko brøyta å strøya, nå igen? Va da 'kje noko med Opeli elle Opehaug elle Openes elle Opedal elle noko sånt?
— Da va jallfall noko med atte di sko halda veien open, å viss di har et sånt navn, så sko da nå i minsto vara litt forpliktande.
— Kanskje di misforstår sitt eie navn, å trur atte det å halda veien open betyr atte han ska vara fri for bilar?
— Ja, då e da 'kje løye atte di vil ha både bilane å folkjo uti grøfto.
— Men, Argus, Baldriansen påstod nå atte di hadde vore her å salta i går tiligt, før du va ute å gjekk.
— Då må di ha brukt den klypo så eg nemde i stad. Eg såg ein liten våte flekk neri brekko, da må vara der di har brukt ne.
— Åja, det kan henda. Eg trudde da va ein fettflekk så låg igjen itte deg, eg.
— Fettflekk, du liksom! Men, Annemor, detta atte me dette stadigt vekk, det e jo egentle ei sak for politikarane å ta seg åv.
— Ka seie du, Argus, politikarane kan vel ikkje gjera noko med det atte me dette å slår oss?
— Jo, di kan åvskaffa denna hersens tøngdeloven!

(Frå boka Sett gjennom Argus sine augo, utgitt 2009. Teikning: Trygve Hansen.)
Til toppen