Denne sida vart laga den 09.06.2025. Endringar som blir gjorde i teksten seinare, blir markerte med endringsdato ved slutten av aktuelt kapittel. Bilde og bildetekstar kan bli endra utan slik markering.

Arne og Anna. Foto: Eli Hårklau, Grenda.

SPEKTAKULÆR SKOGEIGEDOM TIL SALS
Det er hardt å måtta skilja seg frå ein slik fantastisk stad. Og når folk heile tida kjem bortom, der dei måtte treffa på oss i FATLANDSKOGEN eller på GULLHAUG, og fortel kva for ein fenomenal plass dette er, så gjer ikkje det saka bitten enklare for oss. Rundt 10 000 gjester har me innom i året, og alle er fulle av lovord.
Grundige tankar og grublerier over kor me skal gjera av oss når me ikkje har FATLANDSKOGEN lenger, resulterer utan unntak i ein konklusjon om at det er ingen annan stad i verda me har lyst til å bu!
Ser du dilemmaet? Me må altså kvitta oss med eigedommen mens me lever, det er opplese og vedtatt. Men me kjem til å angra oss i hel når me har gjort det!
Nå har me likevel bestemt oss. Helsetilstanden har forverra seg såpass i det siste at me må berre få dette paradiset over på nye skapande hender. Som gjerne tenkjer vidare i same banar som me har starta på. Eller som kanskje har endå større vyer om korleis dei kan realisera seg sjølv og ressursane her.
For dette er unekteleg ein eigedom for skapande krefter. 
Høyrest dette interessant ut? Og har du ein stor sparegris ståande, med rimeleg høg slaktevekt? Då høyrer me kanskje snart frå deg.
KOR I ALL VERDA?
Bygda vår ligg lengst sør på Halsnøy i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Ei sentral utkantbygd kallar me det gjerne. Langt ute på landet, færre enn 100 innbyggjarar, men med veldig kort veg til det meir urbane livet.
Halsnøy har vegsamband til fastlandet gjennom den 4,1 km lange Halsnøytunnelen, som vart opna i 2008. Enkel tilgang frå garden vår til gode servicefunksjonar i lokalsenteret Sæbøvik (10 min), og i regionssenteret Husnes (15-20 min).
Les om bygda
Granskog i hogsklasse 4.
Granskog i hogsklasse 4.
Variert skoglandskap i FATLANDSKOGEN.
Variert skoglandskap i FATLANDSKOGEN.
Mange koselege skogsidyllar.
Mange koselege skogsidyllar.
Den naturlege furuskogen er eit syn. Hogstklasse 2 og 4 kanskje her?
Den naturlege furuskogen er eit syn. Hogstklasse 2 og 4 kanskje her?
Fatlandsvatnet er ei perle midt i eigedommen.
Fatlandsvatnet er ei perle midt i eigedommen.
Mykje naturleg kristtorn i skogen. Men nett denne er planta.
Mykje naturleg kristtorn i skogen. Men nett denne er planta.
EIGEDOMMEN
Eigedommen heiter altså FATLANDSKOGEN, gnr 206 bnr 1 i Kvinnherad kommune (4617), og er lokalisert på Fatland, sør på Halsnøy. Ei fantastisk øy, med 1900 innbyggjarar, midt i Sunnhordland, også kalla Sunnhordlands perle, eller berre "Perlo" på folkemunne.
Eigedommen blir rekna som ein såkalla rein skogeigedom. Det vil seia at det er skogbruk som blir drive der, og ikkje andre landbruksnæringar, iallfall ikkje i særleg grad. På somme område finst det litt andre reglar for reine skogeigedommar, oftast blir det litt enklare. Men også her er det sjølvsagt visse plikter og reglar, med Skogbruksloven som viktigaste krav og rettesnor.
Ein skogbrukseigedom bør ha ein skogbruksplan, og me har ein flunkande ny plan, som du kan lesa meir om nedanfor. Totalt areal er 1104 dekar.
Eigedommen er ikkje innretta for husdyr i dag. I mindre utstrekning er det likevel råd å leggja til rette for dette. Meir aktuelt er nok likevel å supplera med visse typar planteproduksjon, kanskje spesielt vertikalt jordbruk/hagebruk.
GULLHAUG er eit eige område som er utvikla med tanke på reiselivsretta tilleggsnæringar, sjå nedanfor.
Det aller meste av eigedommen har sol frå morgon til kveld.
Skogen vår er også svært godt tilrettelagt som eit rekreasjonsområde for folk flest, sjå nedanfor.
Les meir nedanfor om konsesjon, buplikt, driveplikt, tilleggsnæringar, og mykje meir.
Finn eigedommen på kart: google.com/maps, søk fatlandskogen
Finn eigedomsgrenser: kommunekart.com, søk Kvinnherad, 206/1
PRIS
Vår utgangspris for heile eigedommen er 9,75 millionar kroner. I tillegg kjem kostnader til det offentlege og eventuelle andre kostnader i samband med overdraginga. Det er ein føresetnad at kjøparen også kjøper alle maskinar og lausøyre, sjå eige kapittel nedanfor.
Eigedommen er etter vårt syn verd mykje meir, så me håpar på mange interesserte, som kan pressa prisen oppover mot rett verdi. Men for oss er det likevel viktigast å finna ein kjøpar som har rette innstillinga, og som gjerne vil ta arbeidet vårt vidare framover, gjerne ved å implementera mange av sine eigne idear. Dette er viktigare for oss enn å få den aller høgaste prisen.
Viss du meiner som oss, så droppar me meklaren. Altså at seljar og kjøpar, i samarbeid med banken din, heller ordnar dette i fellesskap. Dette har me gjort mange gonger i samband med salg av eigedommar, og det fungerer godt og sikkert i praksis. Det sparer deg for eit betydeleg beløp til meklar, erfaringsmessig rundt ein halv million for ein slik eigedom.
Sjå eige kapittel om takst nedanfor. 

I 2017 vart den generelle statlege priskontrollen for salg av landbrukseigedommar oppheva for reine skogeigedommar, så det er i dag opp til kjøpar og seljar å bli samde om pris. For andre typar landbrukseigedommar gjeld framleis at staten må godkjenna prisen. 
I mai 2025 har Stortinget vedtatt å innføra priskontrollen på nytt for skogeigedommar. Tidspunktet dette skal tre i kraft er ikkje heilt bestemt, men det kan skje ganske fort., kanskje allereie i sommar. Kor mykje det vil ha å seia i dette tilfellet, veit me ikkje.
NB! Det er kjøpar sitt ansvar å syta for å skaffa seg konsesjon! 
Kjøper du eigedommen av oss, må du altså sjølv søkja om konsesjon etterpå. Der kan det bli stilt krav som du må tilfredsstilla, både når det gjeld priskontroll, bu- og driveplikt, mm. Det er derfor lurt å sjekka opp slike ting, så langt råd, før du inngår kjøpekontrakt med oss.

Er du forresten interessert i å overta det regulerte bustadfeltet vårt i tillegg? Då kan me bli samde om ein ekstra god pris for dette. Sjå meir nedanfor.
VISNING OG BOD
Seljarar er Anna Gjerde (99 24 25 36) og Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik.
I første omgang legg me ikkje opp til fellesvisning. Det er såpass mange aspekt ved eigedommen at du treng ein heil dag på plassen her, for å gå gjennom alt, saman med oss. Kom gjerne på synfaring på ein solskinsdag, det blir lettare å visa det fulle potensialet då.
Ta kontakt med Arne Gjerde på arne.gjerde@outlook.com, eller på telefon 938 17 200 (obs Arne er tunghøyrt) viss du treng fleire opplysningar. Ver grei og ring oss berre i tidsrommet 0700-2100.
Vil du vera med i bodrunden? I så fall sender du oss ein epost om dette, med namn, adresse og telefonnummer. Berre dei som har sendt oss desse opplysningane, får avtale om visning. 
Og berre dei som har vore på visning, får invitasjon til å by.
Nærmare informasjon om kva tid bodrunden startar, blir lagt inn her under dette punktet, når me får ei viss oversikt over interessa.
Instruks for sjølve bodrunden, og det som skjer vidare derifrå, vil berre bli sendt til dei som har meldt interesse skriftleg!
VÅNINGSHUS, BU- OG DRIVEPLIKT, KONSESJON
Eigedommen er så stor at det er konsesjonsplikt. Normalt vil søknad om konsesjon bli innvilga, viss vilkåra er til stades. Konsesjon blir normalt berre gitt til personar, men det finst mange eksempel på at også aksjeselskap har fått lov å kjøpa ein landbrukseigedom.
Ei stifting kan også vera aktuell kjøpar. Stiftinga kan gjerne føra ideane om FATLANDSKOGEN som kunnskapsbase vidare, gjerne i kombinasjon med andre idear.
Det vil også vera driveplikt, slik at eigedommen må drivast i samsvar med Skogbruksloven og aktuelle forskrifter. Men om du sjølv skulle vilja ofra tida di mest på andre aktivitetar, kan oftast driveplikta ordnast ved å setja bort mykje av arbeidet til andre.
Buplikt er det normalt også for landbrukseigedommar, men ikkje nødvendigvis for reine skogeigedommar, som denne er. Å driva skogbruk kan du gjera om du bur eit stykke unna, i motsetnad til jordbruk og husdyrbruk, der du sjølvsagt må vera på staden til ei kvar tid. 
I dag er det ikkje våningshus (bustadhus) på garden. Det kan vera ei ulempe eller ein fordel, alt etter korleis situasjonen din er generelt. 
Men me har funne fram fire nydelege og solrike tomter som passar til eit våningshus, dei vil me gjerne visa deg når du kjem på visning. For sjølv om du kanskje ikkje treng hus her nett i dag, er det lurt å ha tankar om eit framtidig hus.

Er dette ei panoramautsikt, seier du? Det er vel berre førebokstaven, fordi her på GULLHAUG har du faktisk 360 graders view. 

Hogg gjerne skogen din sjølv. God mosjon er det òg.
Hogg gjerne skogen din sjølv. God mosjon er det òg.
Eller set jobben bort til ein skogsentreprenør.
Eller set jobben bort til ein skogsentreprenør.
Godt å ha ein skogsbilveg, slik at tømmerbilen kan komma heilt inn hit og henta.
Godt å ha ein skogsbilveg, slik at tømmerbilen kan komma heilt inn hit og henta.
Lessing på bilen går effektivt og raskt.
Lessing på bilen går effektivt og raskt.
Arne jobbar med Bamsesågen.
Arne jobbar med Bamsesågen.
Her kløyver han ved på Peltec-maskinen.
Her kløyver han ved på Peltec-maskinen.
Trucken handterer store stokkar, som gjerne kan bli til ein gubbe, tilsvarande den som ligg på bordet til venstre.
Trucken handterer store stokkar, som gjerne kan bli til ein gubbe, tilsvarande den som ligg på bordet til venstre.
Verkstadhallen har kort veg til materiallageret.
Verkstadhallen har kort veg til materiallageret.
Eksempel på eit produkt som er laga i hallen vår, av granskog frå FATLANDSKOGEN.
Eksempel på eit produkt som er laga i hallen vår, av granskog frå FATLANDSKOGEN.
KOMPLETT LEVEBRØD
Dei fleste skogeigedommane her i landet krev i praksis at du har ein jobb ved sida av, for at inntekta skal bli høg nok. Slik er det ikkje her i FATLANDSKOGEN, som blir rekna som ein svært veldriven skogeigedom. 
Me har investert mange millionar, med tanke på at ein familie skal kunna leva trygt berre av eigedommen. Ja, i ein periode hadde me 4 tilsette utanom familien, og det er potensial for å auka til mange fleire arbeidsplassar.
Desse inntektsgivande aktivitetane kan nemnast, men det finst mange fleire for den kreative:
- Tømmer, salg av råtømmer. I dag er tømmerprisane svært høge.
- Eige sagbruk og trevareverkstad, der tømmer kan foredlast på eigedommen, helst via direkte salg til kunde. Stolen på nedste bildet til venstre er laga her, i villmarkstil.
- GULLHAUG, eit hageområde på 9 dekar, som eit stykke på veg er ferdig utvikla. Det vil innehalda gardsbutikk, hagerestaurant, utandørs spektakulært selskapslokale, kapell, konsertområde, eventområde. Sjå meir om GULLHAUG nedanfor. Inntektene vil vera avhengig av kor mykje ein satsar.
- Gullhaugkonsertane, eit frivillig lag som leiger GULLHAUG for å halda sommarkonsertar. Gir faste leigeinntekter. Leigeavtale på 10 år er inngått.
- Eige avløpsanlegg for bustadane på Fatland. Gir faste abonnementinntekter.
E1: Anna studerer kartet vårt, som viser heile løypesystemet i FATLANDSKOGEN.
E1: Anna studerer kartet vårt, som viser heile løypesystemet i FATLANDSKOGEN.
E1: Samlingsplassen ved Raualøo er perfekt som startområde for Strondaløpet som Fatland Vel arrangerer.
E1: Samlingsplassen ved Raualøo er perfekt som startområde for Strondaløpet som Fatland Vel arrangerer.
E1: Starten på NATURSTIEN.
E1: Starten på NATURSTIEN.
E1: Turgruppe frå Stord på veg gjennom NATURSTIEN.
E1: Turgruppe frå Stord på veg gjennom NATURSTIEN.
E2: Dette opplegget er kalla Svin på skogen. Det er perfekt viss du vil laga deg eit originalt julekort.
E2: Dette opplegget er kalla Svin på skogen. Det er perfekt viss du vil laga deg eit originalt julekort.
E2: Det lange bordet er dekka slik i desember.
E2: Det lange bordet er dekka slik i desember.
E2: Massevis av kjekke dekorasjonar på Det lange bordet i juletida.
E2: Massevis av kjekke dekorasjonar på Det lange bordet i juletida.
E2: Ungane storkosar seg i snøen rundt Dammen.
E2: Ungane storkosar seg i snøen rundt Dammen.
E2: Det er plass til 60 personar rundt Det lange bordet, som er Norges lengste bord utan skøyt.
E2: Det er plass til 60 personar rundt Det lange bordet, som er Norges lengste bord utan skøyt.
E2: Denne ugla er laga av Oliver Vogt, som er verdsmeister i motorsagkunst.
E2: Denne ugla er laga av Oliver Vogt, som er verdsmeister i motorsagkunst.
E2: Kjell Musland har laga mykje av det du ser i NATURSTIEN, og stort sett alle dyrefigurane. Her framfor Kongehuset.
E2: Kjell Musland har laga mykje av det du ser i NATURSTIEN, og stort sett alle dyrefigurane. Her framfor Kongehuset.
E3: Informasjon om Stemmen.
E3: Informasjon om Stemmen.
E3: Stemmen er eit verna kulturminne.
E3: Stemmen er eit verna kulturminne.
E3: Stemhilderen er eit verna kulturminne på grunn av kolmila som var her.
E3: Stemhilderen er eit verna kulturminne på grunn av kolmila som var her.
E3: Ørnereiret.
E3: Ørnereiret.
E3: God informasjon til alle turgåarar som har god tid.
E3: God informasjon til alle turgåarar som har god tid.
E3: Fleire seier at dei aldri nokon gong har sett eit turområde som er så godt skilta.
E3: Fleire seier at dei aldri nokon gong har sett eit turområde som er så godt skilta.
E4: Flott sti for rullestol.
E4: Flott sti for rullestol.
Gapahuk med bålpanne, med utsikt over Fatlandsvatnet. Denne ligg slik til at alle fire stiane våre passerer bakom haugen.
Gapahuk med bålpanne, med utsikt over Fatlandsvatnet. Denne ligg slik til at alle fire stiane våre passerer bakom haugen.
Gapahuk med bålpanne i HJORTESTIEN.
Gapahuk med bålpanne i HJORTESTIEN.
Dette hjartet finn du sjølvsagt i HJARTESTIEN.
Dette hjartet finn du sjølvsagt i HJARTESTIEN.
Energisparande trapp i HJARTESTIEN.
Energisparande trapp i HJARTESTIEN.
Anna og Arne vart kåra tll Årets namn 2024 av Grenda sine lesarar for arbeidet med FATLANDSKOGEN aktivitetsområde.
Anna og Arne vart kåra tll Årets namn 2024 av Grenda sine lesarar for arbeidet med FATLANDSKOGEN aktivitetsområde.
Dette bildet var premien. Det heng på veggen heime, og det inngår ikkje i salget!
Dette bildet var premien. Det heng på veggen heime, og det inngår ikkje i salget!
FATLANDSKOGEN REKREASJONSOMRÅDE
Ein gong i tida bestod Fatland av kun eitt bruksnummer, nemleg bnr 1.  I dag er det frådelt rundt 90 større og mindre eigedommar, men framleis er bnr 1 den desidert største. 
Me har gitt bnr 1 namnet FATLANDSKOGEN, og namnet er marknadsført godt og er vide kjent over store delar av Vestlandet. Dette er eit aktivum som kan utnyttast godt av eigaren, noko som har vore meininga med namnet.
Me har brukt veldig mange kroner og mange tusen arbeidstimar på å gjera FATLANDSKOGEN til eit populært rekreasjonsområde for allmenn bruk, som alle kan bruka heilt gratis, med rundt 50 gjesteparkeringsplassar totalt. Det er blitt veldig populært, og i vinter blei eigarane Anna og Arne av Grenda sine lesarar kåra til Årets namn 2024 for dette arbeidet. 
Særleg er NATURSTIEN populær, ei to kilometer lang rullestolvennleg rundløype, med massevis av informasjon om naturen, dyrefigurar i tre, aktivitetar, naturscene, og mykje meir.
Sjølv om området altså er gratis å bruka, er det likevel viktig å poengtera at dette er i praksis gratis marknadsføring (!) for den næringsretta aktiviteten på garden. Rundt 10 000 personar vitjar FATLANDSKOGEN kvart år, og det kan lett bli mykje meir, ved å utvida aktiviteten. 
Eksempel på slik inntektsgivande næringsaktivitet: Direkte salg av trevarer, selskap eller konsert på GULLHAUG, gardsbutikken, glamping/gramping, osb. 
Fatland Vel er eit lag som har til oppgåve å utvikla ulike tiltak, til beste for heile bygda. Som grunneigarar har me hatt stort utbyte av samarbeidet med dei.
Du kan studera desse allmenne tilboda, slik dei er i dag, på nettsida til FATLANDSKOGEN.
Last ned Grenda sin artikkel om Årets namn 2024.

I bildeserien ved sida av kan du sjå nokre utvalde bilde frå turstiane våre. Dei fleste er frå NATURSTIEN, og dei er merka med E1, E2, E3 eller E4, som referanse til dei fire etappane i stien.
SKOGBRUKSPLANEN
Flunkande ny skogbruksplan for FATLANDSKOGEN vart laga av AT Skog i oktober 2024. Den viser at eigedommen er totalt på 1104 dekar, der 736 dekar er produktiv skog, og 0,8 dekar er registrert nøkkelbiotop.
Ståande kubikkmasse er 11 477 m3, med utnyttingsgrad for eigedommen på 86%. Årleg tilvekst er 405 m3, med årleg produksjonsevne på 381 m3. Det er 22 478 tonn CO2 bunden i skogen, og det årlege opptaket av CO2 er 827 tonn.
Treslagfordelinga er slik: Gran 52%, furu 47%, lauv 1%. Inkludert er sitka, og litt lerk.
Markslagsfordelinga (bonitet) er slik: Høg 38%, middels 37%, låg 24%. Generelt er det altså ganske høg bonitet.
Hogstklassefordelinga i planen er slik:
1 - Skog under foryngelse - 0%
2 - Foryngelse og ungskog - 12%
3 - Yngre produksjonsskog - 24%
4 - Eldre produksjonsskog - 14%
5 - Gammal skog - 49%
Dette viser at det er mykje gammal skog som nå bør hoggast og plantast/foryngast, kanskje det doble av oppgitt produksjonsevne dei aller første åra. Særleg er det mykje fin furuskog i hogstklasse 5. Eigedommen eignar seg godt for lukka hogst, ein metode som langt på veg har vore  brukt fram til i dag også.
Våren 2025 er det hogt ca 450 m3, med gran, sitka og furu. Dette er langt mindre enn produksjonsevna på 405 m3 tilseier eigentleg, for det har ikkje vore tatt ut tømmer sidan 2019. 
Feltet som er nyhogd skal nå fornyast. Etter planen skal det skje dels ved frøtrestilling av furu, dels ved planting av hengebjørk, og dels ved planting av juletre.
Sagbrukstomta, med saghuset til høgre, produksjonshall/trevareverkstad til venstre, og materiallager imellom.
Sagbrukstomta, med saghuset til høgre, produksjonshall/trevareverkstad til venstre, og materiallager imellom.
Kva skal ein med traktor på sagbruket når ein har el-truck som løftar 2,5 tomm, og med gaflar som er 1,70 meter lange?
Kva skal ein med traktor på sagbruket når ein har el-truck som løftar 2,5 tomm, og med gaflar som er 1,70 meter lange?
Arne skjer ein stokk på bamsesaga.
Arne skjer ein stokk på bamsesaga.
Vedkløyving på Peltec-maskinen. Bandsaga bak til høgre, og materialtørka til venstre (kvit).
Vedkløyving på Peltec-maskinen. Bandsaga bak til høgre, og materialtørka til venstre (kvit).
I denne hallen har det også blitt produsert store trefigurar, av typen som den du ser oppå bordet til venstre.
I denne hallen har det også blitt produsert store trefigurar, av typen som den du ser oppå bordet til venstre.
Materiallager rett utanfor hallen er svært praktisk og lett tilgjengeleg med truck.
Materiallager rett utanfor hallen er svært praktisk og lett tilgjengeleg med truck.
SAGBRUK, MATERIALLAGER, VERKSTADHALL
Sagbruket ligg i skogkanten, veldig praktisk plassert både i forhold til transport frå skogen, transport til/frå til hovudvegen, og salg direkte til kunde.
Grovt sett består anlegget av sagbygg, materiallager og trevareverkstad. I tillegg er det planert eit stort arbeids- og lagerområde ute.
Verkstadhallen er utstyrt med vannboren oppvarming i golvet, luftavfuktingsanlegg, og dobbel duk i veggene. Dessutan stort straumforsyningsanlegg, som dekkar heile området rundt sagbruket, pluss NATURSTIEN og GULLHAUG.
Det er også ei materialtørke som kan tørka skurlast på inntil 3,5 meter lengde. Denne er ny og ubrukt, og ho er mest tenkt for å tørka materialar som skal høvlast og brukast til møbel etc. Vanleg bygningslast tørkar ein helst ute, og våren/føresommaren er desidert best tid for lufttørking ute.
Detaljar elles må me ta når du kjem på synfaring.
Porten til GULLHAUG.
Porten til GULLHAUG.
Småfuglane er utskorne i tre av Kjell Musland, god venn og arbeidskamerat.
Småfuglane er utskorne i tre av Kjell Musland, god venn og arbeidskamerat.
Anna tek bilde av solnedgangen på GULLHAUG, mens ei nabokone ser på.
Anna tek bilde av solnedgangen på GULLHAUG, mens ei nabokone ser på.
Arne er visevert ved eit gullbryllaup i kapellet.
Arne er visevert ved eit gullbryllaup i kapellet.
Sommarkonsert på GULLHAUG.
Sommarkonsert på GULLHAUG.
Sommarkonsert med eit band frå Island.
Sommarkonsert med eit band frå Island.
Skisse for området mellom scenen (t.v.) og kapellet (t.h.).
Skisse for området mellom scenen (t.v.) og kapellet (t.h.).
Verdas vakraste utsikt, seier somme.
Verdas vakraste utsikt, seier somme.
Denne trekanten må me få ferdig i sommar, helst før første konsert, som er 13. juli.
Denne trekanten må me få ferdig i sommar, helst før første konsert, som er 13. juli.
GULLHAUG
GULLHAUG er eit fantastisk utsiktspunkt, berre 80 m over havet, men med 360 graders view frå terrassen på toppen. Området er 8-9 dekar stort, og det er to meter høgt gjerde rundt. Dels for å halda hjorten ute, men også for å sikra verdiane mot innbrot.
Me er stolte over at me har eit eige lite kapell på GULLHAUG. Dessutan har me fleire konsertar gjennom sommaren, arrangerte av det frivillige laget Gullhaugkonsertane. Mange forbind likevel GULLHAUG først og fremst med den flotte fargerike blomsterhagen.
GULLHAUG ligg inne i det området som i kommande arealdel av kommuneplanen er avsett til reiseliv på eigedommen (sjå nedanfor under Reiselivsområde).
Me har tankar om ei form for glamping også her, noko kommunen stiller seg positiv til. Me kallar det gramping, eit namn me har laga sjølve, som betyr glamping på ein grønare måte enn elles. Mindre glamour, men meir natur. Alt produsert ultralokalt, naturlegvis. Dette trur me kan vera eit kjempekonsept, som gir god inntening for eigarane.
GULLHAUG kan gi mange slags inntekter til eigedommen, gjennom gramping, hagerestaurant, gardsbutikk, konsertområde, events, bryllaup, jubileum, you name it. Les meir på nettsida.
Kanskje GULLHAUG er ei gullgruve?
Sjå eiga nettside om GULLHAUG her.
Sjå interaktiv modell for konsert/selskap-området som er under arbeid. Tips: Bruk auge-funksjonen i nedre høgre hjørne, kombinert med pil-tastane.
REISELIVSOMRÅDE
For nokre år sidan planla me å laga ein større park på eigedommen vår. Parken skulle heita GULLPARKEN, og han skulle vera eit opplevings-, opplærings-, opplysnings-senter for folk flest. Underhaldning, som i andre parkar, men med eit grønt og framtidsorientert bakteppe. 
"Learning without knowing" var eit konsept for GULLPARKEN, altså at du lærte gjennom underhaldande aktivitetar, utan at du tenkte over at du lærte.
På grunn av altfor langdryge prosessar med det offentlege, som ikkje klarte å få GULLPARKEN inn i planane sine, så gav me opp denne parken i årsskiftet 2019/2020. 
Men nå seier kommunen at det omsider nærmar seg godkjenning av den nye arealdelen av kommuneplanen (KPA). Og der er GULLPARKEN med!!
Det vil seia, området på rundt 200 dekar ligg inne i planen som 'fritids- og turistformål', så det kan brukast til mange slags aktuelle reiselivsaktivitetar. Dette er såleis eit digert område, med kjempestort potensial for den som kjøper eigedommen. Ein kan satsa på ein variant av vårt konsept av GULLPARKEN, eller på noko heilt anna. 
Og GULLHAUG ligg midt inne i dette reiselivsområdet.

På grunn av tekniske vanskar får me ikkje lagt direkte link her til kommunen sitt forslag til ny arealdel, med kart. Men du kan sjå det ved å kopiera nedanståande link til nettlesaren din:
https://www.arealplaner.no/kvinnherad4617/arealplaner/329?planStatusId=1%2C2&planTypeId=20
Les instruksar for å forstå arealdelen, denne og  denne
Hovudvegen i framkant. Vegen oppover mellom husa, går innover til skogen og GULLHAUG.
Hovudvegen i framkant. Vegen oppover mellom husa, går innover til skogen og GULLHAUG.
Me har rikeleg med vatn på eigedommen, eit lite basseng i framkant, og eit mykje større i bakkant. Det er ikkje drikkevatn lenger, sjølv om skiltet står.
Me har rikeleg med vatn på eigedommen, eit lite basseng i framkant, og eit mykje større i bakkant. Det er ikkje drikkevatn lenger, sjølv om skiltet står.
Her blir det lagt ned slamavskiljar og pumpestasjon for 8 hus som kan byggjast i bustadfeltet vårt.
Her blir det lagt ned slamavskiljar og pumpestasjon for 8 hus som kan byggjast i bustadfeltet vårt.
Naustet er vårt, og plass til brygge og sjøhus er dokumentert til høgre for naustet. Den store brygga i bildet er naboen si.
Naustet er vårt, og plass til brygge og sjøhus er dokumentert til høgre for naustet. Den store brygga i bildet er naboen si.
ANDRE RESSURSAR PÅ EIGEDOMMEN
Nokre highlights:
Veg: Fylkesvegen går gjennom eigedommen. I tillegg er det rundt 2 km bilveg på eigedommen, pluss ein del traktorveg.
Vatn: Eige høgdebasseng (ca 90 m) med rundt 2 mill liter med vatn. Rikeleg til all vatning og anna bruk på eigedommen. Vassforsyning er lagt opp spesielt til GULLHAUG, med 7 uttak rundt om på området innanfor gjerdet. Ikkje godkjent som drikkevatn per i dag, men med eit mindre reinseanlegg kan sikkert Mattilsynet godkjenna det. Elles går det kommunalt vatn gjennom eigedommen, og det er sjølvsagt godkjent som drikkevatn.
Elektrisitet: Høgspent gjennom eigedommen, med to transformatorar. Den eine ligg oppe ved sagbruket, og denne er eigd/finansiert av eigedommen. Den andre ligg nede ved hovudvegen og syter for straum til alle hus i området. Fordelingssentralen for vår eigen transformator ligg i verkstadhallen. Leidningar (32A) herifrå er lagt ut i NATURSTIEN, pluss opp til GULLHAUG, der det er 5 straumskap innanfor gjerdet.
Breiband: Fiberkabel er tvinna på høgspentlinja gjennom eigedommen. Uttak fleire stader.
Avløp: Eigedommen har eige avløpsanlegg, med hovudleidning (160 mm) til djupt vatn i sjø. Det betyr at all kloakk må gjennom godkjend slamavskiljar før han går i avløpsanlegget. Ca 22 abonnentar er i dag kopla til anlegget, dei betaler årsavgift til FATLANDSKOGEN. Kommunen har godkjent like mange til, for FATLAND BUSTADFELT, sjå nedanfor.
Reguleringsplan: Det er godkjent reguleringsplan for bustadfeltet, men denne dekkar også litt av FATLANDSKOGEN, og eksisterande bustadtomter. I planen er det avsett ei tomt i FATLANDSKOGEN for potensiell framtidig barnehage, tomta kan eventuelt omregulerast til anna fellesformål.
Jakt: Eigedommen har ca 5 jaktløyve på hjort kvart år. Det finst fleire framifrå jaktplassar, også nokre enkle jaktbuer.
Sjø: Eigedommen grensar til sjøen, med ei strandlinje på 170 meter, for det meste bratt berg. I tillegg har eigedommen eit gammalt naust ståande på naboeigedommen, med ein gammal rett til å byggja eit sjøhus i tillegg, pluss lendingsplass, pluss veg ned. Det er badeplass ved sida av.
Parkering: Det er opparbeidd gjesteparkering fleire stader på eigedommen, med rundt 55 parkeringsplassar totalt.
Fiske: Det meste av Fatlandsvatnet ligg i FATLANDSKOGEN og høyrer til eigedommen. Her kan ein fiska aure. Også ved sjøen kan ein sjølvsagt fiska.
Mobile boder av tre: Desse (9 stk) kan flyttast med truck, for å "møblera" eit uteområde med tak over, spesielt på GULLHAUG og i NATURSTIEN.
Beitemark: Det er nokre område, 30-40 dekar, som er udisponert i dag. Naboen har sauer på dette, for at det ikkje skal gro att. Denne avtalen med han fell bort ved eigedomsoverdraginga, men om du ønskjer det, er han sikkert glad for å forlenga avtalen.
Kiosken på GULLHAUG er livlaus om vinteren. Men vakkert er det likevel her oppe.
Kiosken på GULLHAUG er livlaus om vinteren. Men vakkert er det likevel her oppe.
Sagbygningen til høgre, bygd ca 2008. Overbygget til venstre manglar kledning i front, dette må me kanskje fiksa i sommar.
Sagbygningen til høgre, bygd ca 2008. Overbygget til venstre manglar kledning i front, dette må me kanskje fiksa i sommar.
BYGNINGAR
Som nemnt ovanfor så er det ikkje våningshus på eigedommen. Andre faste bygningar er desse:
- Sagbygget
- Verkstadhallen (høvleri, produksjon av trevarer, evt annan produksjon)
- Materiallager (bygt i området mellom sagbygget og verkstadhallen)
- Diverselager (Raualøo)
- Kapellet på GULLHAUG
- Kiosken på GULLHAUG (også til bruk for hagerestauranten)
- Scenen på GULLHAUG
- Tribune og servicebygg på GULLHAUG, planlagt, blir kanskje oppført i sommar
- Naturscenen i NATURSTIEN
- Naust, på naboeigedom

Gaupen bilhengar.
Gaupen bilhengar.
Logosol materialtørke og Småtun tømmersag/bandsag. Begge desse er lausøyre, som blir plugga i vanleg 16A stikkontakt.
Logosol materialtørke og Småtun tømmersag/bandsag. Begge desse er lausøyre, som blir plugga i vanleg 16A stikkontakt.
Lit mykje rot i denne kroken kanskje, men du skimtar ei vegskrape med steinkasse, for bil eller ATV.
Lit mykje rot i denne kroken kanskje, men du skimtar ei vegskrape med steinkasse, for bil eller ATV.
Vertikal bandsag til venstre, og vertikal overfres (ubrukt) til høgre. Og ein liten flissugar i midten.
Vertikal bandsag til venstre, og vertikal overfres (ubrukt) til høgre. Og ein liten flissugar i midten.
Transformator, som girar opp til 380V trefasa straum, for store maskinar, eksempelvis Rojek-høvelen.
Transformator, som girar opp til 380V trefasa straum, for store maskinar, eksempelvis Rojek-høvelen.
Tre spesiallaga vindu, som me har ein plan med, men kanskje du kan finna på noko i staden?
Tre spesiallaga vindu, som me har ein plan med, men kanskje du kan finna på noko i staden?
Multisag med inntil 10 sirkelsagblad, med variabel avstand mellom. Kløyver ein plank opp i mange.
Multisag med inntil 10 sirkelsagblad, med variabel avstand mellom. Kløyver ein plank opp i mange.
Robland sag, med ein del ekstrautstyr.
Robland sag, med ein del ekstrautstyr.
Rojek 4-kuttar høvelmaskin. Høvlar og/eller profilerer fire sider på ein plank/bord samtidig.
Rojek 4-kuttar høvelmaskin. Høvlar og/eller profilerer fire sider på ein plank/bord samtidig.
Ladestasjon for el-truck (t.v.) og luftavfuktingsanlegg for verkstadhallen.
Ladestasjon for el-truck (t.v.) og luftavfuktingsanlegg for verkstadhallen.
Fantastisk pickup til ein slik eigedom. Stort lasteplan, og stort tørt lasterom inne, i staden for sete bak. Men seta får du med, i tilfelle du vil setja dei inn sjølv.
Fantastisk pickup til ein slik eigedom. Stort lasteplan, og stort tørt lasterom inne, i staden for sete bak. Men seta får du med, i tilfelle du vil setja dei inn sjølv.
UTSTYR OG ANNA LAUSØYRE
Alt lausøyre på eigedommen, som maskinar, inventar, utstyr og anna, blir selt separat som ein eigen pakke. Utgangsprisen på pakken er sett til 1 200 000,-.  Eventuelt med tillegg av mva viss noko av dette er avgfitspliktig, dette skal me sjekka opp. Det kan vera snakk om mva på delar av pakken.
Det er ein føresetnad at kjøparen av eigedommen FATLANDSKOGEN også kjøper lausøyret, sidan me gamle verken vil ha bruk for det eller plass til det. Alt som er lista opp nedanfor inngår i denne lausøyre-pakken, med mindre noko anna skulle gå fram av skriftleg avtale mellom partane. Det kan diskuterast om noko skal haldast utanfor pakken.
I og ved sagbygget
Bamsesågen tømmersag (med kjedesag, sirkelsag og tømmerfres), bandsag for tømmer, vedmaskin (Peltec), Logosol materialtørke, 2 stk mindre stålkonteinerar (kan flyttast og tømmast med truck), pallejekk, løftekran med hjul (maks løft 1000 kg, til maskinmotering etc), motorsag (4 stk, derav 2 med batteri, 1 på el-nett, 1 på bensin), 
Dei to tømmersagene er tilpassa dagens senior-sagmeister Arne, dei bør nok bytast ut med ei større sag viss større trelastproduksjon skal setjast i gang.
I verkstadhallen
I verkstadhallen: Rojek 4-kuttar høvelmaskin, Logosol 3-kuttar høvelmaskin (ny, ubrukt), elektrisk truck (Hangcha, 2,5 tonn løftekraft) med ladar, høvelmaskin (plan + tykkelse + mortiser), sag i verkstaden (med tilleggsutstyr), stor dreiebenk (ubrukt), liten bord-dreiebenk (ubrukt), stor vertikalfres (ubrukt), vertikal bandsag, kontursag, multisag (med inntil 10 sirkelblad), syklon (3stk) for spon- og sagflishandtering, søylebormaskin (vertikal), stembormaskin (vertikal).
I tillegg er det ei mengd med handverktøy, mykje basert på Makita sitt sortiment. Og ein pakke med tre ubrukte vindu.
I materiallageret
Det er litt tømmer og ferdig skorne materialar som inngår. Spesielt må nemnast ein heil del flott møbelmaterial av diverse lauvtre, tørka inne gjennom opptil 20 år. 
På GULLHAUG
Alle trebodene (9 stk), alle møbel ute, alle møbel og utstyr i kapellet og i kiosken, alt vatningsutstyr, alt hageutstyr. Inne i scenebygget står utstyr som høyrer til Gullhaugkonsertane, dette inngår sjølvsagt ikkje.
Diverse
Kärcher høgtrykksvaskar Pro (kraftig, største modell, krev 32A), elektrisk trillebår, kompressor (3 stk), betongvisp (el), vegskrape (for bil/ATV), greinsag (batteri), krattknusar (for bil/ATV, går på bensin), ryddesager (2 stk Stihl bensin + 1 stk Makita el).
Alt som står inne i Raualøo inngår. Herunder solosprøyte, diverse materiell (dels sesongbetont) til bruk i NATURSTIEN og på GULLHAUG.
Yrkesbilen (Isuzu D-max pickup), modell ca 2013, køyrt berre 80 000. 
Gaupen bilhengar, med boggi og høge karmar. God stand.
NB! Eit par av maskinane må kanskje overhalast.
Straumforsyninga for straumen frå vår eigen transformator er lokalisert i verkstadhallen. Som du ser er det plass til mykje meir her, for sentralen er dimensjonert for GULLPARKEN.
Straumforsyninga for straumen frå vår eigen transformator er lokalisert i verkstadhallen. Som du ser er det plass til mykje meir her, for sentralen er dimensjonert for GULLPARKEN.
Transformator som syter for 380V til dei maskinane der det trengst.
Transformator som syter for 380V til dei maskinane der det trengst.
INKLUDERT I OVERDRAGINGA
Det må lagast eigen kjøpsavtale som spesifiserer det som inngår i overdraginga. Også skøyte, som må tinglysast på vanleg måte. Kjøpar deponerer kjøpesummen hos sin eigen bank, som betaler ut til seljar først når tinglysinga er godkjend.
Kort kan her nemnast dei viktigaste punkta som inngår i overdraginga:
- Eigedommen FATLANDSKOGEN, gnr/bnr 206/1, inkludert GULLHAUG.
- Alle rettar og plikter som høyrer til eigedommen.
- Alle bygningar og faste installasjonar på eigedommen.
- Alle abonnement som høyrer til eigedommen (elektrisitet etc).
- Det meste av laust utstyr som høyrer til rundt på eigedommen, etter avtale.
- All relevant dokumentasjon som finst, både om tidlegare forhold og om planar som så langt ikkje er realiserte.
- Naust som ligg på naboeigedommen, med rettar der, sjå meir nedanfor.
- Avtalen med Gullhaugkonsertane (fram til desember 2034). Les avtalen her.
Forsikring på eigedom og utstyr blir sagt opp frå vår side, slik at kjøpar kan teikna nye forsikringar etter eigne vurderingar.
Flat hovudveg, ved sida av eit flatt og seniorvennleg parti i bustadfeltet. Til høgre for bakketoppen, hundre meter framme, ligg Fatland aktivitetshus, med tilbod for folk i alle aldrar.
Flat hovudveg, ved sida av eit flatt og seniorvennleg parti i bustadfeltet. Til høgre for bakketoppen, hundre meter framme, ligg Fatland aktivitetshus, med tilbod for folk i alle aldrar.
To seniorbustader er allereie oppførte i bustadfeltet.
To seniorbustader er allereie oppførte i bustadfeltet.
Reguleringsplanen.
Reguleringsplanen.
Dei to seniorbustadene under oppføring.
Dei to seniorbustadene under oppføring.
BUSTADFELTET
I tilknyting til FATLANDSKOGEN har me også eit bustadfelt, med reguleringsplan. Det er berre bygt 3 hus i feltet så, langt, og det er plass til ca 19 til. Desse kan til dels vera rekkehus og tomannsbustader, så opp mot 40 bustadeiningar kan byggjast etter dagens reguleringsplan, viss ein utnyttar planen maksimalt. Med litt omregulering kan ein klara endå fleire, men me vurderer ikkje det som veldig fornuftig.
Skulle det vera interessant for deg å kjøpa bustadfeltet, i tillegg til FATLANDSKOGEN, så kan me gi deg ein hyggeleg "kvantumsrabatt". For oss gamle er det nå på tide å gi slepp på begge desse eigedommane. Og me ser klårt fordelen med ein og same eigar av begge eigedommane.
Bustadfeltet har altså eige bruksnummer, som bnr 206/85.
Les meir under kapitelet Takst nedanfor. For eit par år sidan laga me eit salgsprospekt for feltet, du finn link nedanfor. Dessutan finn du link til ei eiga nettside som omtalar feltet.
Eit ekstra poeng er at heile feltet i reguleringsplanen er laga med universell utforming frå vår side, både inne og ute. Slik sett passar det godt for eit seniortun, eller eit tre-generasjons-tun, fordi det er rullestolvennleg overalt.
Det er også eit område avsett til forretningsområde eller mindre ultralokal industri, lengst sør i reguleringsplanen (rosa felt).
Bustadfeltet vart ikkje laga som forretningskonsept eigentleg, det var for at bygda skulle ha eit tilrettelagt felt der folk kunne slå seg til ganske kjapt. Men det er ingen ting i vegen for å kombinera desse føremåla.

Desse to eigedommane våre, FATLANDSKOGEN (bnr 1) og FATLAND BUSTADFELT (bnr 85), er altså separate, fordi i utgangspunktet vil det kanskje vera forskjellige kjøparar som er interesserte i dei. Men viss du er rette typen, så ser du potensialet i å utvikla tomter og byggja hus sjølv, til dels basert på materialar og andre innsatsfaktorar, som du utviklar og produserer, basert på eigen skog.
Du vil sikkert leiga inn snikkarar eller eit byggefirma, og du vil få ei ganske god ekstrainntekt, ved å produsera eitt hus i året. Skulle du også vera ein hendig snikkar sjølv, kan du ha ei inntekt på godt over ein million i året, berre på dette eine huset. Huset kan du selja eller leiga ut, alt etter korleis marknaden er for tida.

Les meir om FATLAND BUSTADFELT.
Bustadbygginga har stupt dei seinare åra her i landet, så det blir etter kvart skrikande mangel på husvære overalt. Derfor har regjeringa nå sett i gang ein offensiv for å få bygt 130 000 nye bustader før 2030. Les NPK sin artikkel om dette, eller regjeringa si pressemelding.
Problemet dei fleste plassar, i følgje byggefirmaa, er at det er altfor tungvint og dyrt å laga reguleringsplanar. Men det er ikkje noko problem her på Fatland, for her er reguleringsplanen laga for mange år sidan. Det er berre å gå i gang og byggja!
Me grunneigarane har lagt ned tusenvis av arbeidstimar som ikkje kjem fram i nokon takst.
Me grunneigarane har lagt ned tusenvis av arbeidstimar som ikkje kjem fram i nokon takst.
Nedste delen av eigedommen heiter naturleg nok Nerebøen. Dette området har potensiale på mange område, det er bortimot 40 dekar, frå hovudvegen og ned til sjøen.
Nedste delen av eigedommen heiter naturleg nok Nerebøen. Dette området har potensiale på mange område, det er bortimot 40 dekar, frå hovudvegen og ned til sjøen.
Utsikt frå Høgåsen utover Klosterfjorden mot Stord, med ti tusen revebjeller rundt. Tenk, så enkelt kan ein kvilebenk lagast.
Utsikt frå Høgåsen utover Klosterfjorden mot Stord, med ti tusen revebjeller rundt. Tenk, så enkelt kan ein kvilebenk lagast.
Blåbærfuruskog er sjeldan å finna på Vestlandet.
Blåbærfuruskog er sjeldan å finna på Vestlandet.
Kvileplass rett ovanfor steinbrotet vårt, ved enden av skogsbilvegen. Bordet er ei steinplate som er 4 meter lang, funnen nett her.
Kvileplass rett ovanfor steinbrotet vårt, ved enden av skogsbilvegen. Bordet er ei steinplate som er 4 meter lang, funnen nett her.
Geiteramsen tener du vel ikkje pengar på, men han er flott å sjå på. Her med Såto i bakgrunnen.
Geiteramsen tener du vel ikkje pengar på, men han er flott å sjå på. Her med Såto i bakgrunnen.
TAKST FOR BEGGE EIGEDOMMANE
FATLANDSKOGEN har ein takst frå 2017, den oppgir ein salgsverdi på kr 9 195 000,-. Men det har vore gjort betydelege investeringar etter den tid:
- FATLANDSKOGEN rekreasjonsområde, som er utvikla frå null og fram til dagens standard, som tilbod til publikum generelt. Sjølv om alle kan gå fritt i skogen og nyta anlegget, er ein slik publikumsmagnet effektiv for å skaffa kundar til den næringsaktiviteten som føregår på eigedommen elles. Me starta arbeidet med rekreasjonsområdet i 2020.
- GULLHAUG er også utvikla frå null og fram til dagens standard, etter 2020. Dette prosjektet er ikkje ferdig per i dag, og det kan vidareutviklast på mange måtar. Men det har blitt investert millionbeløp her, pluss tusenvis av arbeidstimar, av oss eigarane.
- Vassreservoaret på eigedommen har i 40 år skaffa vatn til 60-70 abonnentar på Fatland. Nå har kommunen overtatt vassleveringa, så eigedommen åleine har nå full råderett over dette vatnet. Dette vil medføra ei oppskriving av verdien.

Me ville gjerne få oppgradert taksten i dag, men takstmannen har pensjonert seg, så det må i så fall bli å finna ein annan takstmann, som truleg vil starta prosessen frå grunnen av. Det synest unødvendig, det er betre at me legg eksisterande takst til grunn, i kombinasjon med synfaring og diskusjon med deg som kjøpar. Skulle det bli eit krav om ny takst, så kan me revurdera dette synet.
NB! Som du ser ovanfor under kapittelet Reiselivsområde, så er rundt 200 dekar av  eigedommen vår foreslått som reiselivsområde i KPA. Når denne planen blir godkjend, med dette området inkludert, vil taksten og verdien på FATLANDSKOGEN auka med mange millionar. 
I vår utgangspris har me ikkje tatt omsyn til denne ekstra verdien for eigedommen, fordi det kan ikkje i dag garanterast at arealplanen blir vedtatt eksakt slik forslaget er. Det er likevel lite som tyder på at det skal skje endringar. 
Slik sett burde me jo ha venta med å selja FATLANDSKOGEN til arealdelen  er vedtatt, for å få ein mykje høgare salgspris. Men alder og helse tilseier at me ikkje bør venta lenger nå.

Også FATLAND BUSTADFELT har ein takst, den er frå 2013. Det same er tilfelle her, også denne takstmannen har pensjonert seg. Taksten var på 6 950 000,-, men i tillegg til ein del prisstigning på alle desse åra, har det blitt gjort betydelege oppgraderingar av feltet:
- Hovudavløpsleidning (160 mm) er forlenga med 120 meter.
- Ny ballbinge er bygd, med materialbod.
- Fellesområde opparbeidd, med gapahus, leikeområde, mm.
- Asfaltert veg gjennom feltet, med gjesteparkeringsplassar.
- Kommunalt vatn gjennom feltet.
- Buss-skur ved hovudvegen.
- Oppgraderte gatelys langs hovudvegen.
- FATLANDSKOGEN som rekreasjonsområde er opparbeidd, som eit betydeleg aktivum for bustadfeltet. Også GULLHAUG er eit nytt aktivum, opparbeidd etter taksttidspunktet.
Ny takst vil truleg enda på minst 10 millionar, men me har same vurderinga her. Nemleg at me legg eksisterande takst til grunn, pluss ovanståande liste av nye oppgraderingar, pluss samtalar og synfaring med deg som potensiell kjøpar.

Last ned takst over eigedommen FATLANDSKOGEN
Last ned takst over FATLAND BUSTADFELT
Inntekt: Salg av rundtømmer er enkelt, særleg viss du set bort jobben tl ein skogsentreprenør.
Inntekt: Salg av rundtømmer er enkelt, særleg viss du set bort jobben tl ein skogsentreprenør.
Inntekt: Utleige av GULLHAUG til andre som arrangerer sjølv. Her konsert med Gullhaugkonsertane, me 200 tilhøyrarar, også på berge bakom blomane til venstre.
Inntekt: Utleige av GULLHAUG til andre som arrangerer sjølv. Her konsert med Gullhaugkonsertane, me 200 tilhøyrarar, også på berge bakom blomane til venstre.
Inntekt: Hagerestaurant på GULLHAUG. Her er det eit femtitals Bryne-russ frå 1967 som er på besøk.
Inntekt: Hagerestaurant på GULLHAUG. Her er det eit femtitals Bryne-russ frå 1967 som er på besøk.
Inntekt: Ved er eit godt supplement, der du utnytta mindreverdig tømmer og trelast.
Inntekt: Ved er eit godt supplement, der du utnytta mindreverdig tømmer og trelast.
Inntekt: Origianale møbel eller andre kortreiste treprodukt frå FATLANDSKOGEN.
Inntekt: Origianale møbel eller andre kortreiste treprodukt frå FATLANDSKOGEN.
ØKONOMI
Her er nokre uformelle og heilt omtrentlege tankar som kanskje kan hjelpa deg når du grublar over om det er økonomisk fornuftig av deg å kjøpa FATLANDSKOGEN. Me tar her utgangspunkt i at det er du sjølv som privatperson som kjøper, og at du gjerne har ein familie med deg, der iallfall dei to vaksne deltar i arbeidet.
Vil du betala eigedomskjøpet via lån, eller har du pengar på bok? Eller litt begge delar?
Svaret på dette spørsmålet avgjer sjølvsagt kor mykje pengar du må dra inn kvart år gjennom arbeidet på eigedommen. Uansett må du ha ei anstendig inntekt til å leva av, med mindre du har andre inntekter. Og låner du pengar, trengst det fort nokre hundre tusen til årlege finansutgifter, avhengig av kor mykje du må låna.

Her er ei lita oversikt over kva inntekter du kan rekna med frå starten av, nærmast utan å løfta ein finger:
- Årsavgift frå abonnentane på avløpsanlegget: 100 000 kroner
- Årsleige frå Gullhaugkonsertane: 75 000 kroner
- Tømmersalg, utført av kjøpar sitt driftsapparat: 350 m3 x 500,- = 175 000 kroner
Desse tre punkta åleine gir deg 350 000 kroner, som er nok til å dekka årleg finansiering av eit lån på rundt 5 millionar. Nedanfor er litt lausleg filosofering om kva du kan tena i tillegg til dette.

Viss du satsar på å jobba ein del i skogen, f.eks. ved å hogga og køyra ut tømmeret sjølv, om hausten/vinteren, i staden for å la kjøparen gjera det, aukar du inntekta di til kanskje 450 000, og dermed låneramma til 6,3 millionar. Det er neppe luraste metoden, for det blir mykje arbeid for lite pengar viss du gjer dette sjølv, dei profesjonelle er meir effektive.
Viss du sjølv høgg tømmeret om hausten/vinteren, og så istaden for å selja til ein tømmerkjøpar, heller skjer det til trelast på sagbruket ditt om våren, for så til slutt å selja materialane utover sommaren og hausten, direkte til kunde, aukar du den totale inntekta til 1 200 000,-. Det vil medføra at du finansierer heile kjøpesummen på 9 750 000,-, og i tillegg sit igjen med 500 000,-.
Då er du plutseleg i den situasjonen at du ikkje treng ei krone i eigenkapital for å kjøpa eigedommen, samtidig som du skaffar familien din ei inntekt på 500 000 kroner frå FATLANDSKOGEN. Har du eigenkapital, så vil sjølvsagt årsinntekta for familien din auka, tilsvarande det du sparer i årlege finansutgifter.

Men til dette sagbruket høyrer jo ein velutstyrt trevareverkstad, og den bør kunna brukast il noko, slik me gjorde i mange år, og gjerne skulle ha gjort vidare framover, viss det ikkje var for alder og helse.
Ved å laga ferdige foredla produkt i verkstaden, kan du kanskje tena ein million ekstra, i tillegg til dei 500 000. Dette blir rein spekulering frå vår side, for det avheng av kor flink du er, og ikkje minst kva type produkt du satsar på å laga, og kor mange du har med deg i arbeidet. Dette kan me gjerne diskutera litt med deg, me har ei viss erfaring, spesielt med ulike typar utemøbel.
Og hugs, det ruslar 10 000 turgåarar forbi sagbruket ditt kvart år, dei er det lett å marknadsføra seg mot. Det kan køyra bil og buss heilt inn til sagbruket, så det å selja til turgrupper som kjem innom FATLANDSKOGEN eller GULLHAUG, eller som kanskje berre køyrer forbi på hovudvegen, byr ikkje på praktiske problem i det heile. Fabrikkutsalg heitte det visst før i tida.
Ja, ikkje gløym GULLHAUG i denne samanhengen. Viss du driv dette om lag slik det er tenkt frå vår side, med mange turbussar gjennom sommaren, vil du ha eit betydeleg kundegrunnlag for å selja dei produkta gjennom sommaren, som du har produsert i verkstaden gjennom vinterhalvåret. I så fall vil det vera klart lønnsamt å setja vinterhogsten bort til eit skogsentreprenørfirma, og heller bruka di eiga tid i verkstaden og på GULLHAUG.

Så langt har me ovanfor berre filosofert litt rundt skogen og næringsinntekter av dette. Å rusla i FATLANDSKOGEN må vera gratis for alle i all framtid, det er eit vinn-vinn-opplegg for alle partar.
Men kva med andre opplegg som denne fantastiske eigedommen er utrusta for?  Det er først og fremst GULLHAUG som har stort potensial her. Sjå litt på omtalen av GULLHAUG ovanfor. Me treng ikkje spekulera så mykje i dette, for her ligg det store inntekter og ventar. Men også mykje hardt arbeid. Som gjerne treng nokre fleire hender til jobben.
Særleg vil sommarhalvåret krevja noko arbeidskraft. Då vil det passa godt for skuleelevar som treng jobb i ferien, og elles i helger og kveldar.

Har du bakgrunn innan byggebransjen? Eller iallfall ei brennande interesse for denne, og kanskje eigedomsutvikling? Sjå då litt på omtalen av BUSTADFELTET nedanfor. Du kan gjerne få kjøpa dette feltet òg. 
Utviklar du éi tomt i året, med ferdig hus på, kan du kanskje tena ein million ekstra. Og sjølvsagt sel du husa til folk som liker å rusla i FATLANDSKOGEN, og som dermed ønskjer å skaffa seg orkesterplass til denne.

Som du ser, så er potensialet for aktivitet og skikkeleg gode inntekter veldig stort, for den kreative og energiske person eller familie. Med det rette opplegget, og ivrige eigarar, kan du faktisk tena "ei formue" på FATLANDSKOGEN.
NB! Ver merksam på at alle tal i resonnementet ovanfor må sjåast som illustrerande, basert på våre eigne erfaringar. Du er sjølv ansvarleg for å kvalitetssikra tala i det driftsopplegget du måtte velja å satsa på.
Her har fiolinissen gøymt seg i skogen under førjulskonserten.
Her har fiolinissen gøymt seg i skogen under førjulskonserten.
Vakrare utsyn finn du neppe nokon stad. Klosterfjorden nærmast, og Hardangerfjorden i bakgrunnen.
Vakrare utsyn finn du neppe nokon stad. Klosterfjorden nærmast, og Hardangerfjorden i bakgrunnen.
Intimkonsert i kapellet, med veggen skyvd til side, og publikum på benker ute. Her med amerikanske Veronica på gitar.
Intimkonsert i kapellet, med veggen skyvd til side, og publikum på benker ute. Her med amerikanske Veronica på gitar.
Massevis av små og store trefigurar finn du her. Fleire kan sjølvsagt lagast. På TV!
Massevis av små og store trefigurar finn du her. Fleire kan sjølvsagt lagast. På TV!
Blomsterhagen på GULLHAUG er velkjend, men det kan gjerast mykje meir utav denne.
Blomsterhagen på GULLHAUG er velkjend, men det kan gjerast mykje meir utav denne.
Kapellet kan brukast i mange samanhengar, til mange føremål, for det er ikkje eit vigsla lokale.. Foto Atle Helland.
Kapellet kan brukast i mange samanhengar, til mange føremål, for det er ikkje eit vigsla lokale.. Foto Atle Helland.
Bading nede ved naustet høyrer med, saman med litt fisking. Og kanskje rydding i naustet? Det finst sikkert mykje rart der, me har ikkje sjekka på mangfoldige år.
Bading nede ved naustet høyrer med, saman med litt fisking. Og kanskje rydding i naustet? Det finst sikkert mykje rart der, me har ikkje sjekka på mangfoldige år.
Kyrkjeorgelkonsert i kapellet, med veggen skyvd ifrå.
Kyrkjeorgelkonsert i kapellet, med veggen skyvd ifrå.
NATURSCENEN inne i skogen er perfekt for førjulskonserten, men også for mange andre opplegg.
NATURSCENEN inne i skogen er perfekt for førjulskonserten, men også for mange andre opplegg.
Friluftsgudsteneste i Solkroken på GULLHAUG. Plass til rundt 50 personar.
Friluftsgudsteneste i Solkroken på GULLHAUG. Plass til rundt 50 personar.
Bursdagsselskap i gapahuken ved Fatlandsvatnet. Foto: Berit Kristine Rolland.
Bursdagsselskap i gapahuken ved Fatlandsvatnet. Foto: Berit Kristine Rolland.
 Koseleg stemning nedanfor gapahuken ved Fatlandsvatnet.
Koseleg stemning nedanfor gapahuken ved Fatlandsvatnet.
Her er lett å finna inspirasjon til mange aktivitetar og programpostar.
Her er lett å finna inspirasjon til mange aktivitetar og programpostar.
Den trolske FATLANDSKOGEN er som skapt for eventyr.
Den trolske FATLANDSKOGEN er som skapt for eventyr.
Ikkje alle vintrar er det is på Fatlandsvatnet lenger, men når det skjer, fer familiane på isen.
Ikkje alle vintrar er det is på Fatlandsvatnet lenger, men når det skjer, fer familiane på isen.
Merka løype inn i naboskogen, til 'Flyplassen'. Her fall det ned eit fly i 1954, der ein mann omkom. Her er me ungane på oppdagingsferd rundt flyvraktet. Faksimile frå Haugesunds Avis.
Merka løype inn i naboskogen, til 'Flyplassen'. Her fall det ned eit fly i 1954, der ein mann omkom. Her er me ungane på oppdagingsferd rundt flyvraktet. Faksimile frå Haugesunds Avis.
Blekkstille ettermiddagsstemning ved Fatlandsvatnet.
Blekkstille ettermiddagsstemning ved Fatlandsvatnet.
Dei kallar seg for Huldrene, og dei syng så fint på førjulskonserten på Naturscenen, mens Ivan tenner det første lys.
Dei kallar seg for Huldrene, og dei syng så fint på førjulskonserten på Naturscenen, mens Ivan tenner det første lys.
Hagekonsert ved kapellet på GULLHAUG.
Hagekonsert ved kapellet på GULLHAUG.
Friluftsgudsteneste i Solkroken på GULLHAUG.
Friluftsgudsteneste i Solkroken på GULLHAUG.
Interiørdetalj i kapellet. Legg merke til dei livssynsnøytrale tulipanane i glaset.
Interiørdetalj i kapellet. Legg merke til dei livssynsnøytrale tulipanane i glaset.
Kapellet i skogkanten. Romantisk?
Kapellet i skogkanten. Romantisk?
Intim komsert på GULLHAUG.
Intim komsert på GULLHAUG.
GULLHAUG er eigentleg ein sommararena, men gullbrureparet insisterte på å ha det på den kaldaste dagen i året. Foto Atle Helland.
GULLHAUG er eigentleg ein sommararena, men gullbrureparet insisterte på å ha det på den kaldaste dagen i året. Foto Atle Helland.
Vakre barjenter i sving på eit cowboyselskap me hadde for nokre år sidan.
Vakre barjenter i sving på eit cowboyselskap me hadde for nokre år sidan.
Haren og reven, frå Bjørnson si vise 'Og reven lå under birkerot'.
Haren og reven, frå Bjørnson si vise 'Og reven lå under birkerot'.
Eit fantastisk kjekt indianarparty var dette, med fantastiske gjester, i fantastiske kostyme. Foto Unni Landa Haugland.
Eit fantastisk kjekt indianarparty var dette, med fantastiske gjester, i fantastiske kostyme. Foto Unni Landa Haugland.
KVA MED EIGEN TV-SERIE?
Heilt til slutt: Kva med å sleppa fantasien endå litt meir laus, når du grublar over korleis du skal finna på kjekke og lønnsame aktivitetar, som ny stolt eigar av FATLANDSKOGEN? 
Folk er veldig opptatte av reality-seriar for tida, og det har slått oss at FATLANDSKOGEN med GULLHAUG må vel vera verdas beste arena for ein slik serie. Me veit at Jon Almaas sin serie "Jon blir bonde", gjennom siste året har vore publikumsmagnet nummer éin. Noko som viser at folk flest interesserer seg mykje for jordbruk, og korleis maten vår blir til, ikkje minst i desse tider når alle er opptatte av beredskap.
Men kva med å laga ein serie om skogbruk? I beredskapssamanheng er jo skog nesten like viktig som mat. Og når det gjeld grøne prosjekt, som også er heilt i samsvar med tidsånda, er skogbruket kanskje viktigaste fagområdet av alle. 
Skogen er vårt største CO2-lager. Korleis kan me gjera det endå større, samtidig som me erstattar dei sterkt forureinande råstoffa stål, betong og plast, med skog (substitusjonseffekten)? Og som attpåtil er det einaste fornybare av desse fire.
Tar du bustadfeltet med i tillegg, så kan det lagast fantastifulle, kanskje eventyraktige, bumiljø, som del av serien. Naturnært, aktivitetsbasert, kortreist, ureist, lokal beredskap i praksis, you name it. 
Alt innanfor eit avgrensa område, som eit kompakt bu-, nærings- og aktivitetsmiljø. Kjempespennande!

FATLANDSKOGEN er ikkje berre ein skogbrukseigedom, det er ein skogbrukseigedom "mit Prädikat", som kjennarar av tysk vin ville ha uttrykt seg. Det er så mange høve til spin-off-aktivitetar i aust og vest her, at Jon Almaas kan berre gå heim og leggja seg.
Når du har sett gjennom alt som står på denne nettsida, pluss alle linkane, så kan du tenkja gjennom dette. Og kanskje bli litt ivrig?
Snakk gjerne i så fall med eit TV-produksjonsselskap. Kanskje dei vil hjelpa deg med å byggja opp meir i FATLANDSKOGEN. Jon Almaas er i gang med sin sesong nummer to, på ein gard som ikkje har all verdas ressursar å spela på. Hos oss er det ressursar og potensial av dimensjonar. Berre tenk på GULLHAUG som hjartet i heile opplegget. Kor mange sjåarar kan det ikkje bli av dette? Og kor mange bryllaup og andre feiringar vil det resultera i? Og kor mange turbussar vil leggja turen innom GULLHAUG i tre-fire timar, der dei får mat og underhaldning før dei drar vidare?
Og ikkje minst: Kor mange pengar vil det bli, for deg som eigar? Ikkje berre vil du kunna få hjelp og/eller pengar frå TV-selskapet, men du vil få heile landet som marknad for det du elles driv med på eigedommen. 

Sjølvsagt kan det hende at eit TV-selskap får snusen i dette, før du får tenkt ferdig. Då vurderer dei sikkert om dei skal kjøpa FATLANDSKOGEN sjølv. Så du må nok snu deg rundt ganske kjapt om du gjerne vil ha styringa på dette.

Ta ein titt på bildeserien til venstre. Det er eit lite utsnitt frå aktivitetar me faktisk har hatt rundt om i FATLANDSKOGEN. Trur du framleis at det ikkje kan bli fantastisk TV på ein slik plass?


Nøkken lever i beste velgåande i FATLANDSKOGEN.

Til toppen