Ja, det er heilt sant. Me vurderer å skilja oss frå denne fantastiske eiendommen vår. Som me alle er så glade i. Som ti tusen menneske var innom i fjor, fordi også dei set pris på det rolige og harmoniske miljøet, og på alt me har lagt til rette for dei. Det er altså ikkje med lett hjarte me gjer dette, men tanken har modnast gjennom fleire år. For me to eigarane er langt oppe i syttiåra, og ingen av ungane er i posisjon til å overta.
Nedover denne sida kjem det framover meir info om eiendommen, og om eit eventuelt salg. Følg med viss du er interessert!
SKAL, SKAL IKKJE ...
Som du ser så har det enno ikkje blitt lagt inn nokon info her om eiendommen, og om salg av denne. Det er fordi me har hatt nok å gjera på i sommar, og fordi me stadig er i tvil om kor vidt me vil selja eller ikkje.
Det er hardt å måtta skilja seg frå ein slik fantastisk stad. Og når folk heile tida kjem bortom, der dei måtte treffa på oss i Fatlandskogen eller på Gullhaug, og fortel kor fenomenal plass dette er, så gjer ikkje det saka bitten enklare for oss.
Grundige tankar og grublerier over kor me skal gjera av oss når me ikkje har Fatlandskogen lenger, resulterer utan unntak i ein konklusjon om at det er ingen annan stad i verda me har lyst til å bu!
Ser du dilemmaet?
Me må altså kvitta oss med eiendommen mens me lever, det er opplese og vedtatt. Men me kjem til å angra oss i hel når me har gjort det!
Beslutningsvegring, det er visst det dei kallar det.
03.09.2024