KJØP BOKA DIREKTE FRÅ MEG
Boka finst kanskje i nokre bokhandlar fremdeles, men det enklaste er å kjøpa henne direkte frå meg. Det gjer du på denne måten:
- Vipps 390 kroner til 938 17 200, som er mitt telefonnummer. Skriv SKAPAREN, pluss navnet ditt i meldingsfeltet. Alternativt kan du senda pengane til bankkonto 3525 23 51971.
- Send ein epost til arne.gjerde@outlook.com. Der skriv du fullt navn og adresse, at det gjeld boka Skaparen, og at du har sendt pengane via Vipps eller bank.
Boka blir då send til deg omgåande, via helthjem. Frakt er inkludert i bokprisen.
26.07.2024
OM MAGNAR REIGSTAD
Langs heile norskekysten har folk høyrt om Magnar Reigstad, og sikkert har hundrevis av historier vorte fortalde om opplevingane hans. Mange av dei skriv seg frå hans eigen munn, for han er ein forteljar av rang, som sjeldan legg fingrane mellom.
Kven er så denne karen, som har vore kalla så vidt ulike ting som Rambo og Snublefot? Men båtkonstruktør, våpenekspert, eventyrar, bjørnejeger, humanist, kjeltringfangar, redningsutstyroppfinnar, frisør, friluftsmann, tryggleiksekspert, rettferdstenkjar, rotekopp, er òg etikettar han har hengjande på seg.
I vinter er det 40 år sidan Alexander Kielland-katastrofen, det er 20 år sidan Sleipner-tragedien, og i år var det svært nær at 1373 personar hadde sett livet til på Hustadvika. Dette er hendingar som skakar opp Magnar, for han meiner at med skikkelig redningsutstyr hadde alt dette vore unngått. Han hadde venner som drukna i desse ulukkene, og sjølv har han òg nesten omkomme på sjøen.
Dei seinare åra har han difor vore mest oppteken av å konstruera redningsutstyr som er mykje betre enn dagens, som han meiner er ubrukande. Mest kjend er han nok for Torpedostuparen, som han presenterte i TV2-programmet Skaperen i 2007. Men lenge før den tid gjorde han seg landskjend gjennom den såkalla Klippeaksjonen. For ikkje å nemna den gongen han hamla opp med Tveita-gjengen i Oslo, heilt på eiga hand.
Frå pressemelding om boka i 2019
HAR DET SKJEDD NOKO ETTER AT BOKA MI KOM UT?
Ingen ting har skjedd. Det vil seia, Magnar blir motarbeidd i langt større grad enn før, av dei som burde ha størst interesse av at redningsmateriellet blir betre. Utrulig, men sant. Menneskeliv ser ut til å vera mykje mindre verdt enn pengar.
Men Magnar har ein stor menighet som trur på ideane hans, ikkje minst innanfor dei tekniske maritime fagmiljøa. Det er nå enighet mellom disse om at det vil ikkje skje noko meir, før den første katastrofen skjer til havs. Altså at det som nesten skjedde på Hustadvika med Viking Sky, der 1373 personar var ei hårsbreidd frå døden, faktisk skjer. Då er Magnar si tid kommen.
I skrivande stund, slutten av juli 2024, skjer det ein tragedie nede ved Falklandsøyane, med ein norskeigd fiskebåt, der fleire personar omkom. Me veit ingen ting om kva slags redningsmateriell dei hadde om bord, eller om dei i det heile tatt hadde noko slikt.
Samtidig skjer det noko her heime, ved at Kystruten Havila sitt skip, Polaris, fekk varmgang i det eine framdriftssystemet, med akutt fare for at det kunne bryta ut brann. Dei gjorde klar for evakuering av 400 passasjerar, men klarte å komma til kai i Ålesund før det blei gjort.
Kva om dei ikkje hadde klart det? Bilda viser fine oransje livbåtar som heng høgt over havflata, og som kanskje berre kan lårast på eine sida. Berre ein liten del av passasjerane kan bergast på den måten, og berre viss vêret er nokolunde skaplig.
Så slike nesten-katastrofar er ikkje berre teori, det skjer faktisk, og oftare enn du trur.
Magnar har i det siste utvikla ein redningskonteiner, eller kassett, som han markedsfører mot fiske- og fraktflåten, og kanskje òg mot supplyflåten. Kassetten står på ein eigna plass på skipet, og han inneheld ein redningsbåt av torpedotypen, som står klar til å skytast ut til den eine eller andre sida av skipet, alt etter kva side som er tryggast med hensyn til vêr og farvatn.
Dette er eit markedssegment som passar Magnar godt, og som faktisk er ser ut til å vera veldig interessert. Her er det vanskeligare for byråkratistar å forkludra, for det finst visst ikkje særlig store krav frå det offentlige til redningsmateriell for denne flåten. Så her ligg Magnar sin sjanse på kort sikt.
Prinsippa i redningssystemet hans er godt beskrivne i boka Skaparen. Også det som gjeld den nye kassettversjonen, som du forresten ser prinsippskisse av på dei to øvste bilda nedanfor. Dei to nedste bilda viser ein variant som sender ut redningsbåten akter, med tanke på skip som går i islagde farvatn. Då nyttar det ikkje å senda han ut til sidene.
Det bør skrivast ei bok til om Magnar og ideane hans, og om det heilt surrealistiske som skjer omkring dette. Men den må skrivast av andre enn meg, av einkvan som har eit håve som fungerer.
Les gjerne meir på Magnar si eiga nettside, og sjå der filmar som viser systemet i praksis.
Me heiar på Magnar sine idear når det gjeld å hindra totalt unødvendige dødsfall på sjøen!
30.07.2024